Inndraging av vinning overfor eit heilått aksjeselskap

Høgsteretts dom 15.10.2008, HR-2008-01793-A, (sak nr. 2008/950), straffesak, anke over dom
A (John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jostein Johannessen)

Dommarane: Endresen, Tønder, Flock, Bruzelius, Tjomsland

Aksjeselskapet var stifta med ein aksjekapital på 100 000 kroner. Nødvendig driftskreditt var sikra gjennom ein kassekreditt med ei ramme på 200 000 kroner, som A garanterte for.

A belasta urettmessig selskapet med 202 197 kroner. As uttak blei ført i mellomrekning med selskapet, og i revisormeldinga for 2003 blei det peikt på at det dermed var etablert eit lån i strid med føresegnene i aksjelova.

Då ein opna konkurs i selskapet, blei A kravd under garantien. Oppgjer av kausjonsansvaret skjedde ved at banken ytte han eit lån til blant anna innfriing av denne skyldnaden. Buet blei innstilt etter § 135 utan at det var fremma noko krav overfor A.

For Høgsterett har A hevda at etter at han innfridde garantiansvaret, ligg det ikkje lenger føre noka vinning på hans hand som det kan gjerast inndraging av. Dernest blei det gjort gjeldande at lagmannsretten har tolka straffelova § 34 uriktig når retten ikkje har funne at inndraging vil vere klart urimeleg.

Høgsterett la til grunn at den prinsipale synsmåten bygde på ei misforståing av den faktiske hendingsgangen. A har ikkje gjort noka innbetaling til selskapet. Han har derimot, slik også lagmannsretten har lagt til grunn, innfridd kausjonsansvaret sitt overfor banken. Buet hadde framleis eit krav mot A, og om kravet var blitt fremma, ville A ikkje ha kunna bruke det regresskravet han som følgje av innfriinga av kausjonsansvaret hadde overfor buet, til motrekning.

Høgsterett fann heller ikkje at inndraging ville verke ”klart urimeleg”.

Utgangspunktet for vurderinga må i den aktuelle saka vere at det ligg føre eit grovt tillitsbrot overfor kreditorane til selskapet. Kassekreditten skulle setje selskapet i stand til å betale leverandørane ved forfall, men i staden nytta A heile likviditeten til å dekkje private utgifter. Då selskapet gjekk konkurs, ville den ordinære framgangsmåten ha vore at buet dreiv inn den summen A skulda. At summen blir dregen inn, stiller ikkje A dårlegare enn om kravet var blitt fremma av buet.

Etter det som var opplyst, er As økonomi vanskeleg, men det kunne etter omstenda ikkje vere avgjerande. Ved vurderinga blei det lagt vekt på at det var tale om ei form for økonomisk kriminalitet som grensar inn mot kjerneområdet for inndraging, og der sterke allmennpreventive omsyn gjer seg gjeldande.

Les avgjørelsen i sin helhet