Lagmannsrettens forståing av krav til forsett

Høgsteretts orskurd 05.02.2008, HR-2008-00224-A, (sak nr. 2007/1808), straffesak, anke
Straffelova § 127 første ledd første straffalternativ
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jørn S. Maurud) mot A (advokat John Christian Elden)

Dommarane: Bruzelius, Kaasen, Tønder, Stang Lund, Lund

Tre politibetjentar frå gatepatruljen søkte å roe ned A og nokre venner. Ein av politibetjentane stilte seg opp framfor A, som sat litt tilbakelent på ein benk. Ho sparka plutseleg betjenten på innsida av låret, nær lysken.

A blei tiltalt for brot på straffelova §§ 228 og 127. I tingretten blei ho frifunnen, mot stemma til fagdommaren. Lagmannsretten fann henne skuldig i brot på § 228, og eit fleirtal meinte at det ikkje låg føre provokasjon. Lagmannsretten, som uttalte at det sparket politibetjenten blei påført, objektivt sett hindra betjenten i å gjere tenestehandlinga si, frifann likevel A for brot på § 127 fordi dei subjektive vilkåra for felling, ikkje var til stades.

Høgsterett oppheva dommen. Så lenge A var klar over at ho sparka ein polititenestemann under utføringa av ei tenestehandling, vil det naturlege utgangspunktet vere at ho samtidig var klar over at ho søkte å hindre tenestemannen i å utføre tenestehandlinga. Lagmannsrettens fråsegn om at As ønske var å få politibetjenten til å trekkje seg litt tilbake, ikkje å hindre han i å roe situasjonen, er ikkje tilstrekkeleg grunn til å fråvike utgangspunktet. At formålet med sparket var å få polititenestemannen til å utføre tenestehandlinga på ein annan måte enn den han fann adekvat, hindrar ikkje at A handla forsettleg. Denne fråsegna indikerte dessutan at lagmannsretten meinte det kravdest formålsforsett for domfelling, noko som er ei uriktig lovforståing.

Les avgjørelsen i sin helhet