Straffutmåling for erverv og oppbevaring av 700 gram hasj
Høyesteretts dom 17.12.2008, HR-2008-02160-A, (sak nr. 2008/1533), straffesak, anke over dom
A (advokat Sten Løitegaard) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Petter Sødal)
Dommere: Utgård, Bårdsen, Øie, Bruzelius, Lund
Saka gjaldt straffutmåling etter domfelling der dei alvorlegaste tilhøva gjaldt erverv og oppbevaring av 700 gram hasj og køyring i påverka tilstand. Hovudspørsmålet i saka var om det skulle givast dom på samfunnsstraff.
A er 32 år gammal, miljøarbeidar i ein institusjon og sambuar. Han fekk i 2000 dom på fengsel på vilkår og bot for køyring i påverka tilstand. I 2004 fekk han ein delvis samfunnsstraffdom på 250 timar og fengselsstraff på 21 dagar for grovt narkotikabrotsverk.
Hasjen var oppgitt å vere kjøpt til eigen bruk, men Høgsterett viste til den spreiingsfaren som ligg føre ut frå kvantumet. Påverknadsgraden av narkotiske stoff under køyringa var vurdert å svare til den som følgjer av ein blodalkoholkonsentrasjon på 1,0 promille.
Høgsterett uttala at handlingane – førstraffene omsyntekne – som utgangspunkt ville gitt ei straff på mellom 5 og 6 månaders fengsel utan vilkår. Tilståingane som gjaldt erverv og oppbevaring av hasjen hadde ein viss innverknad, slik at utgangspunktet for vurderinga av tida for samfunnsstraff ville vere fengsel i fem månader.
Det kunne ikkje stengje for å vurdere bruken av samfunnsstraff at A relativt nyleg hadde vore domfelt, og også gjennomført samfunnsstraff og sona fengsel, for nokså liknade tilhøve. Det vart vist til at domfelte hadde misbrukt hasj sidan han var 17 år.
Det måtte leggjast til grunn at domfelte også no var i ein rehabiliteringssituasjon. Det vart også vist til at samfunnsstraffa kunne støtte opp under rehabiliteringa gjennom det innhaldet straffa har, mellom anna ved deltaking i rusprogram, og at det også var viktig at gjennomføringa av straffa kunne skje parallelt med jobb.
Høgsterett fastsette etter dette straffa til samfunnsstraff med 120 timar. Ut frå alvoret i saka og ut frå at A tidlegare var domfelt for køyring i rusa tilstand, vart det i tillegg fastsett ei fengselsstraff på 30 dagar. Ei bot på 10 000 kroner vart ståande.