Straffutmåling for oppbevaring av svært store mengder anabole steroid
Høgsteretts dom 18.09.2008, HR-2008-01589-A, (sak nr. 2008/824), straffesak, anke over dom
Straffelova § 162
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)
Dommarane: Bruzelius, Indreberg, Endresen, Flock, Coward
Saka gjaldt straffutmåling for oppbevaring av svært store mengder anabole steroid og anna, jf. straffelova § 162 b første og andre ledd, jf. fjerde ledd.
A var funnen skuldig i oppbevaring / medverknad til oppbevaring av over 2,5 millionar mg anabole steroid, som blei vurdert til å tilsvare uavbrote misbruk i over 116 år. Han var både i tingretten og i lagmannsretten dømd til fengsel i tre år og seks månader.
Høgsterett la vekt på at A var oppdragsgivar og hovudmann for dei beslaglagde mengdene og hadde økonomisk interesse i vidaresal av dopingmidla. Det blei vidare vist til at mengda dopingmiddel i saka var mykje større enn i dei sakene Høgsterett hadde handsama tidlegare. Det blei endeleg peikt på at den øvre strafferamma for grove dopingbrotsverk er seks år, mens ramma er inntil ti år for grove narkotikabrotsverk og i visse tilfelle endå høgare.
Samla sett kom Høgsterett til at straffa var blitt litt høg, og sette henne ned til fengsel i tre år. Det var då teke omsyn til at saka hadde teke litt for lang tid, og til at Hansen hadde sona ein dom han hadde fått etter at brotsverka i den aktuelle saka var gjorde, jf. straffelova § 64.