Straffutmåling og rettstap ved brot på rekneskapslovgivinga

Høgsteretts dom 18.06.2008, HR-2008-01088-A, (sak nr.2008/28), straffesak, anke
Meirverdiavgiftslova § 72
A (advokat Bjørn Stordrange) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Thomas Skjelbred)

Dommarane: Tønder, Kaasen, Coward, Utgård, Schei

Saka gjaldt straffutmålinga og spørsmål om rettstap ved brot på rekneskapslovgivinga og meirverdiavgiftslova § 72 første ledd – særleg kva vekt det skulle leggjast på tidsbruken fram til avgjerd i saka, jf. EMK artikkel 6 nr. 1.

På vegner av selskapet X inngjekk A ein avtale med Finance Credit Norge ASA ved B og C om at det sistnemnde selskapet skulle stå for forretningsførsel for X mot ei årleg godtgjersle på i underkant av fem millionar kroner. Avtalen var fiktiv og hadde som einaste siktemål å gi Finance Credit Norge høve til å aktivere ein faktura på kontraktsummen som ein aktivapost i rekneskapen. Den fiktive bokføringa var med på å ”blåse opp” rekneskapen til Finance Credit Norge for å vise selskapets inntening og soliditet overfor långivarar og investorar, noko som igjen medverka til å gjere B og Cs grove bedrageri mogleg. Som følgje av fakturaen mottok X inngåande meirverdiavgift med 1 188 000 kroner. 

For dette blei A i lagmannsretten dømd til ei straff av fengsel i eitt år og tre månader, og fem månader av denne straffa var fengsel på vilkår. I tillegg blei han frådømd retten til å drive næringsverksemd og retten til å vere dagleg leiar eller sitje i styret i noko selskap for tre år.

For Høgsterett var hovudspørsmålet kva tidsmomentet skulle ha å seie for straffutmålinga og rettstapet. Høgsterett kom til at det låg føre brot på EMK artikkel 6 nr. 1. Det blei lagt til grunn at fristen måtte byrje å gjelde frå januar 2003, då A som mistenkt og med hjelp frå advokat blei innkalla til fleire avhøyr. I tillegg til at handsamingstida representerte eit brot, kom det at Økokrim i elleve månader hadde late vere å sende over As anke til Høgsterett. Dette var i påvente av handsaminga av inndragingsførelegg i samband med saka. Forholdet blei i seg sjølv rekna som konvensjonsstridig. Konsekvensen av konvensjonsbrotet var at det ikkje blei idømt rettstap, og at den delen av fengselsstraffa som var på vilkår, blei sett til sju månader.

Les avgjørelsen i sin helhet