Straffutmåling ved aktlaus lekamsskading valda med motorvogn
Høgsteretts dom 15.10.2008, HR-2008-01794-A, (sak nr. 2008/1028), straffesak, anke over dom
Straffelova § 237 og vegtrafikklova § 31
Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Torunn Gran) mot A (advokat John Christian Elden)
Dommarane: Bruzelius, Tønder, Flock, Endresen, Tjomsland
Saka gjeld straffutmåling ved aktlaus lekamsskading valda med motorvogn, jf. straffelova § 237, vegtrafikklova § 31 første ledd, jf. § 3 og vegtrafikklova § 31 første ledd jf. § 4 jf. trafikkreglane § 9 andre ledd.
A køyrde laurdag 19. august 2006 kl. 14. 30 på ein fotgjengar i fotgjengarfeltet då ho svinga frå ---vegen inn i --- gate. Fotgjengaren kom gåande sakte på fortauet i ---vegen mot ---vegen. Det var godt lys og ikkje noko som hindra sikta mellom A og fotgjengaren. Den krenkte blei treft i venstre kne, som måtte opererast, og ho var ein månad på sjukehus og rehabiliteringsinstitusjon.
Tingretten dømde A til fengsel i 18 dagar. Lagmannsretten, som tillét at anken over straffutmålinga blei fremma, gjorde fengselsstraffa om til vilkårsstraff og gav ei bot. Påtalemakta anka til Høgsterett over straffutmålinga, og gjorde gjeldande at straffa skulle ha vore utan vilkår.
Høgsterett heldt under dissens (3–2) fast på straffutmålinga i lagmannsretten.
Fleirtalet var einig i at allmennpreventive omsyn normalt inneber at det bør reagerast med fengselsstraff utan vilkår dersom nokon er skuld i relativt alvorleg personskade ved brot på vikepliktføresegnene som gjeld fotgjengarar i fotgjengarfelt. Det låg ikkje føre slike orsakande omstende som er blitt vektlagde i andre saker. Fleirtalet meinte likevel at den svært låge farten – skildra som sniglefart – som bilføraren heldt ved påkøyrselen, opna for fengselsstraff på vilkår med tillegg av ei bot. Risikoen for alvorleg personskade vil lett vere større ved høgare fart. Ei litt lang sakshandsamingstid talte òg for vilkårsstraff.
Mindretalet (Tønder og Tjomsland) viste til at påkøyrselen skjedde i ein fotgjengarovergang, og peikte på at det lett kan oppstå alvorlege skadar dersom ein fotgjengar blir påkøyrd av ein bil, sjølv om denne held låg fart. Mindretalet la ikkje særleg vekt på tida som var gått, og stemte for straff på fengsel utan vilkår og at bota skulle falle bort.