Seksuell omgang med barn under 16 år

Høgsteretts dom 11.06.2008, HR-2008-01043-A, (sak nr. 2008/530), straffesak, anke
A (advokat Trygve Staff) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Hans-Petter Jahre)

Dommarane: Skoghøy, Coward, Bruzelius, Endresen, Gussgard

Ankane gjaldt to lovbruksspørsmål. For det første var det spørsmål om den nedre grensa for straffbart forsøk på brot på straffelova § 196 første ledd – seksuell omgang med barn under 16 år – var overskriden. For det andre var det spørsmål om dei subjektive vilkåra for domfelling etter straffelova § 200 andre ledd første punktum (seksuell handling med barn under 16 år) og § 203 (seksuell omgang eller handling med ein person under 18 år mot vederlag) var oppfylte. Problemstillinga var her om tiltalte hadde vore i tilstrekkeleg aktsam god tru når det gjaldt alderen til den krenkte.

Tiltalte, som var fødd i 1957, hadde komme i kontakt med den krenkte, som var fødd i 1991, på Internettet våren 2005. Den krenkte opplyste då at ho fylte 18 år 14. juli 2005. Kontakten opphøyrde utpå hausten 2005, men blei teken opp att av den krenkte 4. april 2006. Dei avtalte å møtast dagen etter. Tiltalte skulle bidra med pengar til ny mobiltelefon. Deretter skulle dei dra på eit hotell og ha seksuell omgang.

I samsvar med avtalen henta tiltalte den krenkte i bil 5. april 2006 ca. kl. 16.00. Etter først å ha vore innom to andre mobiltelefonbutikkar køyrde dei til Y Teleshop. På køyreturen la tiltalte handa på låra til den krenkte, og han tok henne på brysta utanpå kleda. På Y kjøpte den krenkte ein mobiltelefon til kr 3 290. Deretter drog dei til --- ved Z. Etter at tiltalte hadde sjekka inn og betalt for hotellrommet, ombestemte den krenkte seg: Ho ønskte ikkje seksuell omgang. Dette aksepterte tiltalte, som deretter køyrde henne heim.

I tingretten blei tiltalte dømd for brot på § 200 andre ledd første punktum, forsøk på brot på § 196 første ledd og forsøk på brot på § 203. I lagmannsretten blei han under dissens frifunnen for forsøk på brot på § 196 første ledd, men – også det under dissens – dømd for brot på § 200 andre ledd første punktum og forsøk på brot på § 203. Påtalemakta anka til Høgsterett over frikjenninga, mens tiltalte anka over domfellingane. Høgsterett forkasta samrøystes begge ankane.

Når det gjaldt spørsmålet om det låg føre forsøk på brot på § 196 første ledd, fann Høgsterett at ein stod overfor eit grensetilfelle. Tiltalte hadde hatt eit fast fullbyrdingsforsett, men på grunn av den store kvalitative og psykologiske forskjellen på dei handlingane som var utførte, og det som stod att, kunne ein ikkje seie at tiltalte hadde vore i ferd med å byrje på å realisere forsettet.

Les avgjørelsen i sin helhet