Økonomisk kompensasjon for urettkomen bruk av personbilete
Høgsteretts dom 10.12.2009, HR-2009-02318-A, (sak nr. 2009/585), sivil sak, anke over dom
The Arctic Challenge AS og Andy Finch (advokat Joakim Marstrander) mot Tromsø 2018 AS (advokat Øystein Sagen)
Dommarane: Utgård, Bruzelius, Sverdrup, Matheson, Gussgard
Saka gjaldt spørsmålet om økonomisk kompensasjon for påstått urettkomen bruk av eit fotografisk personbilete.
Tromsø 2018 AS er eit selskap stifta for å arbeide for at Tromsø skulle vere staden for eventuelt vinter-OL i Noreg i 2018. Saman med ein omfattande søknad var det også laga eit trykt prospekt, der innhaldet også vart lagt ut på Internett. På framsida var det eit bilete, teke under eit arrangement tilskipa av The Arctic Challenge AS (TAC), som viste snøbrettkøyraren Andy Finch i eit luftig hopp med himmel, hav og fjell i bakgrunnen. Biletet viste ikkje ansiktet til Finch, men det er uomtvista at han kunne kjennast att av personar med kjennskap til snøbrettmiljøet. Tromsø 2018 hadde kjøpt biletet av ein pressefotograf, men hadde ingen avtale med personen på biletet – Finch. TAC utleia sin rett av rettane til Finch.
Åndsverklova § 45c inneheld ein regel om rett til eige fotografisk bilete. Fleirtalet i Høgsterett – fire dommarar – kom til at bruken av biletet fall innanfor vernet for ein avbilda etter denne paragrafen. Avbildinga av han var ikkje mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet. Spørsmålet var om han fall innanfor den personkrinsen som var verna, jf. åndsverklova § 58 tredje ledd om at § 45c gjeld for bilete av person som ”er eller har vært bosatt i riket”. Fleirtalet kom til at denne føresegna måtte forståast i samsvar med ordlyden. Det var derimot grunnlag for eit vern etter ulovfesta reglar også for personar som fell utanom personkrinsen etter § 58 tredje ledd, i alle fall i ein situasjon som den aktuelle. Vernet bør i hovudsak vere slik det følgjer av åndsverklova § 45c. Det innebar at det ikkje var nokon plass for ei interesseavveging ved avgjerda om det låg føre eit vern av retten til eige fotografi, slik lagmannsretten hadde lagt til grunn. Retten for Finch til eige fotografisk bilete var då krenkt.
Det var i alle fall ikkje grunnlag for eit meir vidtgåande økonomisk vern ved dei ulovfesta reglane. Fleirtalet kom til at det her var grunnlag for økonomisk kompensasjon ut frå ulovfesta vederlagsreglar. Rimeleg vederlag, medrekna rentetap, vart sett til 80 000 kroner.
Mindretalet uttala at vernet av Finch etter dei ulovfesta reglane i alle fall ikkje kunne gå lenger enn etter åndsverklova § 45c. Ho la mellom anna til grunn at bruken av personlegdommen til Finch i biletet var mindre viktig enn hovudinnhaldet og hovudbodskapen i det. Etter dette kom ho til at bruken av biletet ikkje var i strid med det ulovfesta personlegdomsvernet. – Heller ikkje dei andre grunnlaga frå TAC og Finch kunne føre fram etter hennar meining, og ho røysta for at Tromsø 2018 vart frifunne.