Omsorgsovertakelse

Høgsteretts dom 06.05.2009, HR-2009-00965-A, (sak nr. 2009/46), sivil sak, anke over dom

X kommune (advokat Knut H. Strømme) mot A (advokat Christian B. Hjort)

 

Dommarane: Utgård, Stang Lund, Skoghøy, Indreberg, Lund

Fylkesnemnda vedtok 20. desember 2007 at X kommune skulle overta omsorga for B. A vart 18. desember 2007 registrert som far til B, og han sette 7. januar 2008 fram krav til barneverntenesta i X om endring av vedtaket frå fylkesnemnda slik at han fekk omsorga. X kommune gjorde 14. mars 2008 eit vedtak der det vart uttala at farskapsregistreringa etter barneverntenesta si oppfatning var ugyldig, og at dei derfor ikkje ville fremje sak for fylkesnemnda. Grunnen til barneverntenesta sitt syn var at det var teke ei blodprøve der DNA-analysen av dei mottekne prøvene viste at A sin farskap ”er å anse som utelukket”. A reiste då sak der påstanden mellom anna var at kommunen plikta å fremje sak for fylkesnemnda. Påstanden var såleis ikkje at det var eit ugyldig vedtak frå kommunen.

Det underliggjande spørsmålet for Høgsterett var om X kommune hadde plikt til å fremje sak for fylkesnemnda, i eit tilfelle der dei meinte at ei registrering av farskap ikkje var i samsvar med det verkelege tilhøvet. Høgsterett viste til at etter barnelova § 8 kan domstolar eller styringsorgan ikkje prøve farskap i andre saker enn dei som går fram av barnelova §§ 6 og 7. Når krav var sett fram av ein registrert far, plikta kommunen då å førebu og å fremje sak for fylkesnemnda.

Høgsterett drøfta deretter om tingretten – når kommunen hadde late vere å fremje sak fordi den meinte registreringa var ugyldig – skulle gitt dom for at kommunen hadde slik plikt. Det vart vist til avgjerdene i Rt. 2009 side 170 og Rt. 2001 side 995, og lagt til grunn at det berre kan kome på tale å gi slik dom i særtilfelle. Det var ei enkel og oversiktleg sak. Kommunen hadde også nekta å rette seg etter rettleiing frå fylkesmannen. Såleis var det eit element av illojalitet i handlemåten. Tidsmomentet kom også sterkt inn. Etter dette skulle tingretten ha gitt dom for plikt til å fremje sak for fylkesnemnda.

Tingretten hadde avvist saka. Anken frå A hadde retta seg mot avvisingsavgjerda. Påstanden var at saka skulle fremjast fordi det ikkje hadde vore rettsleg grunnlag for avvising. Høgsterett viste til at tingrettens avgjerd sette ei ramme for kva som kunne ankast, og at lagmannsretten då i utgangspunktet ikkje kunne prøve realiteten. Ut frå ei isolert vurdering av reglane i tvistelova kunne det ikkje vere høve til det, sjølv om omsynet både til opplysing av saka og til kontradiksjon i og for seg var vareteke.

Det hadde likevel gått eitt år og fire månader der A fånyttes hadde prøvd å få fremja sak for fylkesnemnda. Det vart vist til Den europeiske menneskerettskonvensjonen artiklane 6 og 8 og til barnekonvensjonen som inneber særlege krav til behandlingsmåten for slike saker, også utanfor domstolane. Høgsterett kom til at det låg føre konvensjonskrenking, og som botemiddel, jf. Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 13, måtte lagmannsrettens dom bli ståande.

Les avgjørelsen i sin helhet