Vederlag etter reglane for oreigning ved erverv av område regulert til friområde
Høgsteretts dom 11.06.2009, HR-2009-01198-A, (sak nr. 2008/1902), sivil sak, anke over dom
Kirsti Anette Tomassen (advokat Gunnar Sætre) mot Bergen kommune (advokat Roald Hopsnes)
Dommarar: Utgård, Skoghøy, Stang Lund, Bruzelius, Gussgard
Saka gjaldt fastsetjing av vederlag etter reglane for oreigning ved erverv av område regulert til friområde.
Eit område på Seimsmyrane, som ligg like ved bydelssenteret i Indre Arna i Bergen, vart i 2001 regulert til friområde. Kommunen har gjort avtale med to av grunneigarane om erverv, der vederlaget skal fastsetjast ved avtaleskjønn. Lagmannsretten hadde sett prisen for areala til 15 kroner per m2 ut frå salspris som friområde.
Reguleringsplanen skal som utgangspunkt leggjast til grunn ved fastsetjinga av vederlag ved oreigning, med to unntak som er utvikla i praksis. Saka gjaldt i hovudsak om det var grunnlag for å fastsetje vederlaget ut frå eitt av desse unntaka.
Kirsti Anette Tomassen, som skal avstå 18 664 m2, anka for å få vederlaget fastsett etter unntaket som inneber vederlag etter utjamna pris – også kalla strøkspris. Etter dette unntaket skal prisen i eit utbyggingsområde fastsetjast til ein felles, utjamna pris for areal som det kan byggjast på og areal som er til fellesføremål (parkar, vegar, leikeplassar mv.). Høgsterett drøfta det nærare innhaldet i dette unntaket, og uttala at det også kan vere ei slik at unntaket omfattar byparkar som blir etablerte utan at det har tilknyting til nye utbyggingsområde. Føresetnaden må vere at det er tale om ein park som gir høve til sterkare utnytting av tilgrensande område, tid. ved fortetting med reduserte krav til uteareal. Ut frå den konkrete bevisvurderinga lagmannsretten hadde gjort, var det ikkje grunnlag for å byggje på at det var situasjonen for Seimsmyrane, og anken frå Tomassen vart derfor forkasta.
Saka gjaldt også erverv av eit areal på ca. 19 000 m2 frå eigedom tilhøyrande Opplysningsvesenets fond. Fondet anka over at vederlaget ikkje var fastsett etter unntaket for offentlege anlegg, som inneber at retten skal sjå bort frå reguleringsføremålet og fastsetje vederlaget etter det arealet alternativt ville ha vore brukt til. Dette arealet skal nyttast til stadionanlegg for friidrett og fotball. På den eine sida av stadionet skal det vere tribunar. Det skal oppførast eit administrasjonsbygg i to etasjar med grunnflate på 370 m2, eit arrangementsbygg, eit driftsbygg og flomlysanlegg. Høgsterett la til grunn at eit slikt anlegg bør likestillast med andre former for offentlege anlegg. Det vart lagt vekt på at det er tale om ei utbygging som er kostnadsrekna til fleire titals millionar kroner. Anken frå Opplysningsvesenets fond vart etter dette teken til følgje.
Kommunen anka over at det var fastsett ein salsverdi på arealet på 15 kr per m2, samstundes som det var uttala at det ikkje er nokon etterspurnad i marknaden for friområde. Dette er feil lovbruk, og kommunens anke førte fram.