Inhabilitet

Høgsteretts dom 01.04.2009, HR-2009-00735-A, (sak nr. 2009/477), straffesak, anke over dom

Domstollova § 108

A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Guri Lenth)

 

Dommarane Indreberg, Endresen, Matningsdal, Øie, Lund

Høgsterett oppheva lagmannsrettens dom på overføring til pålagt psykisk helsevern. Ein av dommarane hadde vore inhabil, jf. domstollova § 108, og domstolen hadde dermed ikkje vore lovleg samansett, jf. straffeprosesslova § 343 andre ledd nr. 3. Årsaka til inhabiliteten var at dommaren tidlegare hadde teke del i lagmannsrettshandsaminga av lovbrytarens anke over varetektsfengsling etter straffeprosesslova § 171 andre ledd jf. første ledd nr. 3. Anken var blitt forkasta. Lagdommaren hadde dermed teke stilling til spørsmålet om gjentakingsfare, som òg har ein sentral plass i vurderinga av om det skal dømmast til overføring til pålagt psykisk helsevern.

Les avgjørelsen i sin helhet