Omgjering av tilvisingsavgjerd
Høgsteretts dom 13.03.2009, HR-2009-00593-A, (sak nr. 2009/47), straffesak, anke over dom
Straffeprosesslova §§ 53 andre ledd og 321 fjerde ledd
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Bjørn Aspelund)
Dommarane: Matningsdal, Stang Lund, Flock, Stabel, Coward
A var ved tilståingsdom i Oslo tingrett dømd for to narkotikabrotsverk, og eitt av desse gjaldt eit så stort kvantum at det kom inn under straffelova § 162 andre ledd. Han var vidare dømd for promillekøyring og brot på vegtrafikklova § 3. I tillegg til ei fengselsstraff som dels var på vilkår, var han dømd til kr 30 000 i bot og tap av føreretten i to år.
A anka til Borgarting lagmannsrett og gjorde gjeldande at bota var sett for høgt. Sidan dommen omfatta eit forhold der strafferamma er fengsel i inntil ti år, var anken omfatta av straffeprosesslova § 321 tredje ledd, og han blei vist til ankehandsaming.
Ettersom ein ikkje fekk forkynt innkallinga til ankeforhandlinga for A, gjorde lagmannsretten om tilvisinga dagen før ankeforhandlinga. Under tilvising til straffeprosesslova § 322 første ledd nr. 3 blei bota deretter redusert til kr 10 000.
A anka til Høgsterett og gjorde gjeldande at dommen måtte opphevast fordi lagmannsretten ikkje hadde heimel for omgjeringa. Dette fekk han medhald i. Høgsterett viste til at både straffeprosesslova § 53 andre ledd og § 321 fjerde ledd andre punktum jamført med § 325 var til hinder for omgjeringa.
Høgsterett kom vidare til at feilen kunne ha verka inn på domsresultatet, idet A ved den framgangsmåten lagmannsretten hadde valt, var blitt avskoren frå å prøve å få redusert også andre delar av straffa. Det blei vist til at ved brot på det kontradiktoriske prinsippet er det i praksis ikkje stilt særleg store krav til sannsyn for at feilen kan ha hatt innverknad på avgjerda.