Straffutmåling for fridomsrøving, truslar og brot på besøksforbod
Høgsteretts dom 04.09.2009, HR-2009-01755-A, (sak nr. 2009/729), straffesak anke over dom
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Magne Nyborg)
Dommarane: Øie, Endresen, Webster, Tønder, Schei
Anken til Høgsterett gjaldt straffutmåling for fridomsrøving, truslar og brot på besøksforbod. Under forhandlingane for Høgsterett gjorde forsvararen utanfor anken gjeldande at lagmannsrettens dom og rettens tidlegare avgjerd om å tillate berre delar av anken fremma, måtte opphevast fordi avgjerda ikkje var grunngitt.
Høgsterett fann det klart at når ankenektingsavgjerda ikkje var grunngitt utover ei tilvising til vilkåra i lova, var det ein sakshandsamingsfeil som måtte føre til at i alle fall delar av lagmannsrettens ankenektingsavgjerd og dom med ankeforhandling måtte opphevast, jf. straffeprosesslova § 342 andre ledd nr. 3, jf. § 385 tredje ledd, jf. § 343 første ledd, storkammeravgjerdene i Rt. 2008 side 1764, Rt. 2008 side 1783 og Rt. 2008 side 1786 og avgjerdene i Rt. 2009 side 252 og Rt. 2009 side 510.
Eit spørsmål for Høgsterett var om opphevinga av ankenektingsavgjerda berre skulle gjelde straffekravet, eller om ho òg fekk verknad for eit sivilt krav. Høgsterett kom under dissens tre–to til at heile avgjerda måtte opphevast – også den delen som gjaldt det sivile kravet.