Straffutmåling for medverknad til innførsel av ecstasytablettar
Høgsteretts dom 12.11.2009, HR-2009-02144-A, (sak nr. 2009/809) og (sak nr. 2009/810), straffesak, anke over dom
Sak nr. 2009/809 A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlige påtalemyndighet (statsadvokat Ingrid Johansen)
Sak nr. 2009/810 B (advokat Mette Yvonne Larsen) mot Den offentlige påtalemyndighet (statsadvokat Ingrid Johansen)
Dommarane: Endresen, Sverdrup, Bårdsen, Skoghøy, Matningsdal
Saka gjaldt straffutmåling for medverknad til innførsel av 10 000 ecstasytablettar. A var dessutan dømd for sal av 600 gram amfetamin. B var funnen skuldig i sal av 50 gram kokain.
Straffa vart sett til 3 år og 10 månader for A og 3 år for B.
Gulating lagmannsrett hadde i saka mot B konkludert med at det ikkje var fagleg grunnlag for den omrekninga frå ecstasy til amfetamin som til no har vorte nytta. Høgsterett fann at den sakkunnige si vurdering samsvarte godt med dei tidlegare erklæringane som var bakgrunnen for den etablerte omrekningsnorma, og at det heller ikkje er noko anna grunnlag for å endre den relative vurderinga.
Om straffutmålinga i framtidige ecstasysaker vart det uttalt at det no er så mange ecstasyavgjerder at dei vil gi det naturlege utgangspunktet, men at ein også vil kunne søkje rettleiing i saker om amfetamin ved å nytte den faktoren for omrekning som er etablert.