Straffutmåling for oppbevaring og forsøk på innførsel av amfetamin

Høgsteretts dom, 26.06.2009, HR-2009-01335-A, (sak nr. 2009/508), straffesak, anke over dom

A (advokat Trygve Staff) mot Den offentlege påtalemakta (sttsadvokat Svein Holden)

Straffelova § 162 første og tredje ledd

Dommarar: Utgård, Indreberg, Tønder, Matningsdal, Lund

Saka gjaldt straffutmåling i hovudsak for oppbevaring og forsøk på innførsel av eit svært stort kvantum amfetamin. Det var særleg spørsmål om kva det skal ha å seie at det grunna feil i rettargangen har gått over ti år sidan dei strafflagde tilhøva fann stad.

A var domfelt for oppbevaring og forsøk på innførsel av 48,41 kg amfetamin med styrkegrad ca. 40 prosent. Gjerningstidspunktet var 9. januar 1999. Han vart tre månader seinare pågripen og sikta. Tiltale vart teken ut 3. mars 2000. Saka har, i tillegg til behandlinga i tingretten, vore behandla tre gonger av lagmannsretten, ein gong av Den europeiske menneskerettsdomstolen og to gonger tidlegare av Høgsterett.

Lagmannsretten hadde lagt til grunn at straffa som utgangspunkt – om saka hadde vore avgjort innan normal tid – ville ha vore fengsel i ca. 12 år. Høgsterett hadde ikkje grunnlag for å fråvike dette.

Les avgjørelsen i sin helhet  

Som følgje av den tida som hadde gått sidan dei strafflagde handlingane og sidan rettargangen starta, og av dei tyngslene dei mange behandlingane hadde innebore, kom Høgsterett – eit fleirtal på fire dommarar –  til liks med lagmannsretten til at straffa burde reduserast til fengsel i åtte år og at to av desse burde givast på vilkår. Domfelte hadde tidlegare sona ein del av straffa, og dette resultatet inneber at domfelte – under føresetnad av at han blir sett fri etter to tredelar av straffa – har om lag 11 månader att å sone. Mindretalet – ein dommar – meinte at det ikkje var noko kriminalpolitisk omsyn som tilsa at A skulle setjast inn for soning av reststraff og røysta for at vilkårsdelen av straffa vart sett til tre år og tre månader.