Utmåling av oppreising til den krenkte i sak om grov menneskehandel
Høgsteretts dom, 14.12.2010, HR-2010-02139-A, (sak nr. 2010/952), sivil sak, anke over dom
A (advokat Rolf Knudsen) mot B (advokat Gunnar K. Hagen)
Dommarane Utgård, Bårdsen, Sandberg, Normann, Tjomsland
Saken gjaldt utmåling av oppreising til den krenkte med heimel i skadebotlova § 3-5 første ledd, jf. § 3-3 i sak om grov menneskehandel.
B var funnen skuldig i brot på føresegnene om menneskehandel i straffelova § 224, ved at ho hadde fått A hit til landet ved bruk av falske dokument og falske påskot om kva føremålet skulle vere. A vart pressa til å skaffe seg inntekter ved prostitusjon, og hindra frå å kome ut av denne. Ho vart såleis fråteken personlege dokument, og ho vart mishandla og truga. Dette skjedde over ein periode på sju månader.
B var i lagmannsretten dømd til ei straff av fengsel i 3 år og 2 månader, og av dette kunne om lag 3 år reknast å gjelde menneskehandel. Den utmålte straffa var eit moment når oppreisinga skulle fastsetjast.
Høgsterett drøftar i dommen jamføring med typar av seksuallovbrot og familievald, men fann ikkje at samanlikning var nærliggjande. Det var likevel ei viss støtte i oppreisingsbeløpa ved desse handlingane.
I saka var det tale om menneskehandel i ei form som innebar ei svært total krenking, som var langvarig og omfattande.
Oppreisingsbeløpet vart sett til 150 000 kroner.