Spørsmål om gyldigheita av eit vedtak om tilbakekalling av drosjeløyve

Høgsteretts dom, 25.03.2010, HR-2010-00528-A, (sak nr. 2009/1874), sivil sak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Oslo kommune (advokat Ida Skirstad Pollen)

Dommarane: Bruzelius, Øie, Matheson, Møse, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmål om gyldigheita av eit vedtak om tilbakekalling av drosjeløyve, jf. yrkestransportlova § 29 jf. § 4, jf. yrkestransportforskrifta § 4 jf. § 6.

Bakgrunnen for saka er den såkalla drosjesvindelsaka i Oslo, der ei rekkje drosjesjåførar knytte til same rekneskapsførar systematisk unndrog omsetning frå rekneskap og skatt, jf. Rt. 2008 side 468 og Rt. 2009 side 14.

A blei dømd til fengsel på vilkår i 60 dagar for brot på rekneskapslova og likningslova. Han hadde tidlegare blitt gitt tilleggsskatt på 60 prosent med grunnlag i det same sakskomplekset.

Da straffedommen var blitt rettskraftig, vedtok løyvemyndigheita å kalle tilbake drosjeløyvet til A fordi han som domfelt for ”alvorlig lovovertredelse” ikkje lenger oppfylte kravet i yrkestransportlova om ”god vandel”. Vedtaket blei halde ved lag etter klagen, og A reiste søksmål mot kommunen med påstand om ugyldigheit og erstatning. Tingretten frikjende kommunen. Det blei lagt til grunn at prøvingskompetansen i retten berre gjaldt faktum, rettsbruk og saksbehandling, ikkje subsumsjonen.

Ankeutvalet tillét direkte anke til Høgsterett når det gjaldt spørsmålet om ansvarsgrunnlag. Før ankebehandlinga trekte A tilbake ei rekkje argument, slik at saka for Høgsterett gjaldt om rettsbruken for så vidt gjaldt omfanget av prøvingsretten, subsumsjonen og om det var gjennomført noko skjønn i saka.

Høgsterett fann det ikkje tvilsamt at retten til prøving i saker om tilbakekalling av løyve etter yrkestransportlova § 29 første ledd omfattar subsumsjonen av eit lovbrot som ”alvorleg”, jf. yrkestransportforskrifta § 6 andre ledd bokstav b jf. § 4. Dette er eit vurderingstema som domstolane er vel eigna til å prøve. Når ei straffbar handling er blitt rubrisert som alvorleg, føreset yrkestransportlova § 29 første ledd at det blir gjort ei føremålstenlegvurdering før tilbakekallinga. Sjølve skjønnet er ikkje underlagt domstolskontroll, men mellom anna saksbehandlinga, under dette om det er gjort eit skjønn, kan prøvast.

Høgsterett kom til at lovbrota A hadde gjort seg skyldig i, riktig var rubriserte som alvorlege, men at vedtaket likevel måtte opphevast fordi det ikkje gjekk fram av vedtaka i saka at det på noko tidspunkt hadde blitt vurdert om løyvet burde kallast tilbake. Tilbakekalling syntest å ha vore ein automatisk konsekvens av rubriseringa av dei straffa handlingane som ”alvorlig lovovertredelse”, noko som kunne ha hatt betydning for utfallet.

Les avgjørelsen i sin helhet