Spørsmål om vilkåra i straffelova § 39 for dom på overføring til tvunge psykisk helsevern var oppfylt
Høgsteretts dom 19.03.2010, HR-2010-00488-A, (sak nr. 2009/1981), straffesak, anke over dom
A (advokat Ann T. Bugge) mot Den offentlege påtalemakta (ass. riksadvokat Knut H. Kallerud)
Dommarane: Indreberg, Skoghøy, Stabel, Webster, Coward
Saka gjaldt spørsmålet om vilkåra i straffelova § 39 for dom på overføring til tvunge psykisk helsevern var oppfylt i ei sak om truslar som var sette fram i psykotisk tilstand, som igjen var følgje av sjølvforskyldt rus.
På same måte som tingretten og lagmannsretten kom Høgsterett til at vilkåra var oppfylte.
Psykosen A hadde, varte i bortimot ein månad etter at han hadde slutta å ruse seg. Eit drygt halvår etterpå blei det igjen påvist psykotiske symptom, og han blir no rekna for å ha ei kronisk alvorleg sinnsliding i form av paranoid schizofreni.
Høgsterett kom til at den relativt lange tida det tok før A var fri for psykotiske symptom etter at han slutta å bruke rusmiddel, og utviklinga etterpå tyder såpass sterkt på at han har ei psykotisk grunnliding – ein underliggjande disposisjon for schizofreni – at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å seie at den psykosen han hadde da han sette fram truslane, aleine kom av sjølvforskyldt rus. Han er derfor straffri etter § 44 første ledd.
Også dei andre vilkåra i § 39 blei vurderte og funne oppfylte.