Norsk straffelovs stadlege verkeområde
Høgsteretts dom, 27.10.2010, HR-2010-01824-A, (sak nr. 2010/907), straffesak, anke over dom
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Tor Henning Knudsen)
Dommarane: Bårdsen, Bruzelius, Endresen, Normann, Tjomsland
Saka gjaldt det stadlege verkeområdet for norsk straffelov, og reiste ulike spørsmål i tilknyting til domfelling for forsøk på innførsel av eit større narkotikaparti frå Nederland til Sverige, der gjerningsmannen var ein svensk statsborgar busett i Sverige. Det var teke ut tiltale etter kongeleg resolusjon, med heimel i straffelova § 13 første ledd, jf. § 12 første ledd nr. 4 bokstav b. Det siste byggjer på det såkalla universalprinsippet, men med krav om dobbel strafflegging og at gjerningsmannen har bustad eller opphald i Noreg.
Det blei gjort gjeldande at dommen i lagmannsretten måtte opphevast på grunn av saksbehandlingsfeil og i samband med det vist til at spørsmålet om saka kunne behandlast ved norske domstolar, ikkje skulle ha vore lagt fram for lagretten som del av skyldspørsmålet. Dette førte ikkje fram.
Anken retta seg også mot lovbruken i lagmannsretten, og det blei heldt fram at den domfelte ikkje hadde opphald i Noreg da forfølginga mot han blei innleidd her, slik straffelova § 12 første ledd nr. 4 bokstav b krev. Heller ikkje dette førte fram. Høgsterett uttalte at føresegna omfattar også kortvarige og ferieprega opphald, og at det ikkje krevst at den det gjeld, oppheld seg i riket idet forfølginga blir innleidd. Det blei under denne ankegrunnen også gjort gjeldande at folkeretten ikkje opna for norsk domskompetanse i saka, og at § 12 første ledd nr. 4 bokstav b da må vike, jf. § 1 andre ledd. Høgsterett forkasta også dette, under tilvising til FNs konvensjon om ulovleg handtering av og handel med narkotika og psykotrope stoff 20. desember 1988, reelle tilknytingspunkt til Noreg og at det ikkje var grunnlag for å tru at svenske eller nederlandske interesser ville bli skadelidande ved strafforfølging i Noreg.
Også straffutmålinga var angripen, i første rekke på grunnlag av at lagmannsretten ikkje hadde sett på straffenivået i det landet der den straffbare handlinga skjedde, jf. straffelova § 13 andre ledd andre punktum. På dette punktet førte anken fram. Ut frå eit noko lågare straffenivå i Sverige blei straffa redusert frå åtte til sju års fengsel.