Seksuell omgang med mindreårig stedotter - anke over sakshandsaminga og fastsetjinga av reaksjonen
Høgsteretts dom 11.06.2010, HR-2010-01009-A, (sak nr. 2010/435), straffesak, anke over dom
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Elisabeth J. Ramstad)
Dommarane: Møse, Øie, Bårdsen, Falkanger, Bruzelius
Tiltalte blei i tingretten dømd til fire års fengsel for seksuell omgang med den mindreårige stedottera si i perioden frå 1997 til 2003. I lagmannsretten blei han dømd til forvaring med ei tidsramme på fem år og ei minstetid på tre år. Han anka over sakshandsaminga og fastsetjinga av reaksjonen. Anken blei tillaten fremma når det gjaldt utsegna om manglande tilleggsspørsmål til lagretten etter straffelova § 195 andre ledd bokstav c og d.
Høgsterett fann – i samsvar med dei samanfallande påstandane til partane – at dommen i lagmannsretten med ankeforhandling måtte opphevast. Om det ligg føre overgrep mot barn under ti år etter § 195 andre ledd bokstav c, høyrer under skyldspørsmålet, jf. straffeprosesslova § 367 og Rt. 2001 side 98. Det var derfor ein feil at det ikkje blei stilt tilleggsspørsmål om dette. Resultatet blei det same når det gjaldt § 195 andre ledd bokstav d om høgare straff på grunn av gjentaking. Det følgjer av straffelova § 33 at tidspunktet for den påtalte handlinga fell inn under skyldspørsmålet, jf. Rt. 1991 side 1483.