Straffutmåling etter domfelling for vald mot politiet
Høgsteretts dom, 27.09.2010, HR-2010-01611-A, (sak nr. 2010/1036), straffesak, anke over dom
A (advokat Erik Keiserud) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Dennis Danielsen)
Dommarane: Tønder, Matheson, Møse, Bruzelius, Schei
Saka gjaldt straffutmåling etter domfelling for vald mot politiet – spørsmål om bruk av samfunnsstraff.
A blei i tingretten dømd til 30 dagars samfunnsstraff kombinert med ei bot på
4 000 kroner der det viktigaste brotet gjaldt straffelova § 127, vald mot offentleg tenestemann. Ho var så vidt fylt 18 år på tidspunktet for hendinga. Etter at påtalemakta anka, blei straffa av lagmannsretten gjord om til fengsel i 18 dagar.
Høgsterett slo fast at det ikkje var grunn til å endre det alminnelege utgangspunktet om fengsel på vilkår for vald mot politiet, sjølv om det i dette tilfellet gjaldt ein ungdom og valdshandlinga ikkje var av dei alvorlegaste – her eit forsøk på slag mot hovudet til tenestemannen og fleire målretta spark mot leggen. Høgsterett kom likevel til at det i dette tilfellet var riktig å reagere med samfunnsstraff. Den domfelte var ein person som var i ein sårbar livssituasjon, som mellom anna viste seg ved at ho hadde store vanskar med å innordne livet slik at ho fekk ein normal døgnrytme. Det var usikkert korleis ei fengselsstraff ville verke på henne. På den andre sida ville samfunnsstraff kunne vere med og gi henne trening i og hjelp til å etablere eit strukturert og ordna tilvære.