Saka gjaldt ein anke over overskjønn der det var fastsett fallerstatning etter ei kraftverkutbygging
Høgsteretts dom, 14.12.2011, HR-2011-02329-A, (sak nr. 2011/860), sivil sak, anke over overskjønn
BKK Produksjon AS (advokat Magne Revheim) mot Robert Vigdal Austgulen mfl. (advokat Ulf Larsen) og (advokat Gunnar Sætre)
Dommere: Bull, Øie, Webster, Arnesen, Utgård
Saka gjaldt ein anke over overskjønn der det var fastsett fallerstatning etter ei kraftverkutbygging. Hovudspørsmålet i saka var korleis ein skulle forstå kravet i ekspropriasjonserstatningslova § 5 om at den bruken av eigedommen som blir lagd til grunn for å berekne tapt salsverdi, må vere pårekneleg.
Kløvtveit kraftverk ligg i Kløvtveitvassdraget og utnyttar fallet mellom Kløvtveitvatnet og Austgulfjorden. Fallrettane her tilhøyrde eksproprianten allereie før utbygginga. I tillegg til å bruke vatnet frå Kløvtveitvatn utnytta kraftverket vassressursane frå to vatn i eit anna vassdrag, Transdalsvatn og Austgulvatn i Yndesdalsvassdraget. Vatn herifrå blei overført til Kløvtveitvatn som ledd i utbygginga, noko som har ført til redusert vassføring i Yndesdalsvassdraget. Saka gjaldt erstatning for dette.
Ved overskjønnet kom eit fleirtal i lagmannsretten til at grunneigarane ville ha delteke i ei tilsvarande utbygging som den som var gjennomført, dvs. at dei ville ha utnytta fallet mellom Kløvtveitvatn og Austgulfjorden, men utan ekspropriasjonsinngrepet. Fleirtalet meinte at ein på den måten ville ha utnytta energiressursane langt betre i dei to vatna som var blitt knytte til Kløvtveitvatn, enn ved å byggje småkraftverk utan å etablere magasin i dei separat utbyggbare falla i Yndesdalsvassdraget, slik tingretten hadde lagt til grunn. Fleirtalet heldt det derfor som pårekneleg at grunneigarane saman ville ha komme fram til ei slik løysing. Konsekvensen av dette synet var at alle dei grunneigarane i Yndesdalsvassdraget som denne saka kom ved, fekk erstatning basert på denne føresetnaden, utan omsyn til om det var separat utbyggbare fall på eigedommane deira. Den utbygginga som var gjord, la til grunn at heile fallhøgda frå vatna og ned til fjorden skulle utnyttast, og vatnet i alle falla ville da ha same verdi. Den samla erstatningssummen blei etter dette omtrent det dobbelte av det tingretten hadde komme til.
Det var ikkje feil rettsbruk å leggje til grunn som pårekneleg eit samarbeid mellom rettshavarane der også rettane til eksproprianten var tekne med. Samarbeid mellom grunneigarar om vassdragsutbygging er noko som lovgivinga elles legg til rette for. Etter § 5 andre ledd skal ein rett nok sjå bort frå den verdiauken som sjølve ekspropriasjonstiltaket og dei tilhøyrande investeringane har ført til på eigedommen til ekspropriaten. Men det er ikkje det same som at ein samarbeidsmodell må ha som føresetnad ei frivillig utbygging som ikkje omfattar rettane til eksproprianten. Utgangspunktet for å fastsetje den tapte salsverdien må vere kva som ville vere pårekneleg utnytting av eigedommane dersom eksproprianten ikkje hadde hatt prosjektet sitt. Dette kan tenkjast å vere akkurat det same prosjektet, inkludert den eigedommen eller dei rettane den aktuelle eksproprianten sjølv måtte sitje på.
Eksproprianten kunne i denne samanhengen ikkje høyrast med at han ville ha nekta å medverke frivillig i det elles påreknelege samarbeidsprosjektet nettopp på grunn av utsikta til sjølv å opptre som ekspropriant overfor dei andre. Dette er eit naturleg motstykke til prinsippet om at ein skal sjå bort frå den meirprisen som eksproprianten ut frå sitt særlege behov hadde vore villig til å gi dersom han ikkje hadde hatt høve til å ekspropriere. Verken den eine eller den andre av rettshavarane kan få lov til å ta ut ein ”monopolgevinst” basert på ekspropriasjonstiltaket, anten det er ved å skru prisen i vêret overfor den av dei som faktisk opptrer som ekspropriant, eller – når det gjeld eksproprianten – ved å halde fram at ein uansett ville ha nekta å medverke til dei andre sine prosjekt for på den måten å gjere dette prosjektet uaktuelt som grunnlag for å fastsetje ekspropriasjonserstatninga.
Eit slikt samla prosjekt ville også kunne omfatte rettshavarar med fall som ikkje kan byggjast ut kvar for seg, nettopp fordi det prosjektet som framstår som pårekneleg, vil utnytte også den fallhøgda som eigedommane deira representerer. Dette samsvarer godt med dommane i Rt. 2008 side 82 (Uleberg) og Rt. 2010 side 1056 (Otra). Desse dommane byggjer på tanken at når det finst ein reell marknad for dei aktuelle rettane, er det dei prisane ein kan oppnå i denne marknaden, som skal leggjast til grunn som den tapte salsverdien – slik ein gjer ved ekspropriasjon elles. Dette inneber at salsverdien vil vere det ein kan oppnå for dei samla fallrettane, og at erstatninga da må fordelast etter den relative verdien av retten til kvar enkelt. Høgsterett gjekk ikkje inn på spørsmåla som kan oppstå der eit samla prosjekt er lagt til grunn, med fall som ville ha vore utbyggbare kvar for seg.
Påreknelegvurderinga skal baserast på situasjonen på skjønnstidspunktet eller eit tidlegare tiltredingstidspunkt. I dette tilfellet hadde det vore ei førehandstiltreding, og det var derfor tidspunktet for denne tiltredinga som var relevant.
Yndesdalsvassdraget var i 1986 blitt varig verna, men nedbørfelta rundt Transdalsvatnet og Austgulvatnet blei unnatekne frå vernet sjølv om dette førte til redusert vassføring i vassdraget. Dette blei gjort med tanke på den påtenkte utbygginga av Kløvtveit kraftverk med overføring av vatn frå Transdalsvatn og Austgulvatnet til Kløvtveitvatnet. Den vanskelege kraftsituasjonen som da eksisterte i området, gjorde utbygginga ønskjeleg. Det var gjort gjeldande at kraftforsyningssituasjonen på tiltredingstidspunktet var ein heilt annan enn da det blei gitt konsesjon for den utbygginga som faktisk har skjedd: Det var usannsynleg at styresmaktene på tiltredingstidspunktet ville ha tillate ei utbygging med redusert vassføring i Yndesdalsvassdraget. Dette hadde fleirtalet i lagmannsretten ikkje vurdert. Fleirtalet syntest snarare utan vidare å ha lagt det prosjektet som faktisk var gjennomført, til grunn for erstatningsutmålinga. Det låg såleis ikkje føre manglar ved skjønnsgrunnane som hindra prøvinga av om overskjønnet var basert på ein riktig rettsbruk. Overskjønnet blei derfor oppheva.