Saka gjaldt spørsmålet om ein kommune som sette i verk barnevernstiltak for ein tilflytta gut, kan krevje refusjon frå guttens tidlegare heimkommunen .
Høgsteretts dom, 26.10.2011, HR-2011-01999-A, (sak nr. 2011/380), sivil sak, anke over dom
M kommune (advokat Trine Buttingsrud Mathiesen) mot N kommune (advokat Roald Angell)
Dommere: Endresen, Tønder, Indreberg, Kallerud, Matningsdal
Saka gjaldt spørsmålet om ein kommune som sette i verk barnevernstiltak for ein tilflytta gut, kan krevje refusjon frå den tidlegare heimkommunen til guten. Verken guten sjølv eller foreldra hans hadde vore busette i denne kommunen dei siste åra.
Ein ungdom hadde med samtykke frå foreldra over fleire år vore plassert i ein barnevernsinstitusjon i medhald av barnevernlova § 4-4 femte ledd. Da han fylte 15 år, samtykte han også sjølv til plasseringa.
Tilhøvet utvikla seg etter kvart dårlig. Institusjonen blei ikkje lenger vurdert til å kunne gi eit adekvat tilbod. Ungdommen trekte også tilbake samtykket til plasseringa. Avtalen med institusjonen blei sagd opp av Bufetat i fylkeskommunen.
Da avtalen blei sagd opp, var ungdommen innlagd på psykiatrisk avdeling til utgreiing. Det blei lagt til grunn at guten hadde behov for ei lengre tids utgreiing og behandling i ei kompetent barne- og ungdomspsykiatrisk eining.
Utgreiinga konkluderte ikkje med at guten var alvorleg sinnslidande, heller ikkje at han hadde behov for opphald i institusjon. Guten hadde ein positiv relasjon til faren sin, og dei involverte institusjonane fann at det beste alternativet var å rette seg etter ønsket hans om å reise til faren for å få oppfølging der. Det viste seg snart at dette ikkje var vellykka, og etter eit halvt år gjorde Fauske kommune eit akuttvedtak og reiste sak om omsorgsovertaking.
Fauske kommune meinte at Lunner kommune skulle ha reist sak om omsorgsovertaking, og reiste sak for å få refundert kostnadene sine. Det blei gjort gjeldande at Lunner kommune hadde opptredd erstatningsbetingande, og at ansvar også følgde direkte av barnevernlova § 9-1 jf. § 8-4 andre ledd.
Lagmannsretten kom til at § 8-4 måtte tolkast slik at Lunner kommune hadde eit oppfølgingsansvar som innebar plikt til å reise sak om omsorgsovertaking. Lunner kommune blei på dette grunnlaget dømd til å betale 800 000 kroner i erstatning til Fauske kommune. Lunner kommune anka dommen til Høgsterett, og anken blei fremma for så vidt gjaldt lovtolkingsspørsmålet.
Fleirtalet i Høgsterett, tre dommarar, kom til at lagmannsretten hadde trekt oppfølgingsansvaret for langt. Fleirtalet tok utgangspunkt i at hovudregelen etter barnevernlova er at det er opphaldskommunen som har ansvar for tiltak, og som må dekkje kostnadene ved dei. Ein kommune der barnet tidlegere hadde opphald, er ikkje ansvarleg for tiltak som burde vore sette i verk, og fleirtalet fann, med atterhald om eit eventuelt behov for kortsiktige tiltak med sikte på å sikre kontinuitet, at vurderinga blir den same når eit tidlegare tiltak er avslutta.
Lunner kommune sitt tidlegare tiltak etter § 4-4 femte ledd var sagt opp. Det var vurdert som lite formålstenleg, og ungdommen hadde trekt tilbake samtykket til plasseringa. Guten var innlagd på psykiatrisk sjukehus til utgreiing, og tilhøva låg slik sett ikkje til rette for umiddelbare barnevernstiltak. Fleirtalet kom da til at Lunner kommune, samanlikna med dei tiltaka Fauske kommune seinare hadde sett i verk og initiert, ikkje kunne seiast å ha ”reist saka”. Ansvar følgde da ikkje av § 8-4 andre ledd.
Mindretalet, dommarane Tønder og Matningsdal, meinte det følgde av barnevernlova § 8-4 andre ledd, lese i samanheng med § 4-4 femte ledd og § 4-5, at plikta til å vurdere omsorgsovertaking ved tilbakekall av samtykke låg hos den kommunen som hadde gjort vedtak etter § 4-4 femte ledd. Mindretalet fann også at dette var den tolkinga som var mest i samsvar med formålet om ”kontinuitet i omsorgen” og omsorg ”til rett tid”, jf. §§ 4-1 og 1-1, og som dessutan best forhindra uklarleik med omsyn til kvar ansvaret skulle plasserast når barnet flytta.