Saka gjeld spørsmål om overskjønnet i tingretten i ei naturskadesak bygde på uriktig lovbruk

Høgsteretts dom, 26.01.2011, HR-2011-00184-A, (sak nr. 2010/1416), sivil sak, anke over dom

Trygve Skui (advokat Bjørn Eriksen) mot Staten v/Statens naturskadefond (advokat Gunnar O. Hæreid)

Dommarane: Normann, Øie, Møse, Bull, Matningsdal

Saka gjeldspørsmål om overskjønnet i tingretten i ei naturskadesak bygde på uriktig lovbruk når tingretten avgrensa erstatninga til tapt bruksverdi på det området som var skadd, og ikkje tok omsyn til tapt flaumvern.

Den skadde eigedommen er ein jordbrukseigedom i Lier kommune. Delar av jorda på eigedommen, som blei nytta til korn- og kålproduksjon, blei skadde av flaum i Lierelva sommaren 2007. Det er fem skadeområde på eigedommen, nemnde som A1, A2, B1, B2 og B3. Overskjønnet sette kostnadene ved gjenoppretting av skaden på område A1 til 7 000 kroner, jf. naturskadelova § 10 første ledd. For dei andre områda kom tingretten til at utgiftene til gjenoppretting ville vere uforholdsmessig store, og takserte skaden til ”bruks/verditap”, jf. naturskadelova § 10 tredje ledd. Områda B1, B2 og B3 utgjorde 0,7 dekar. Skaden – basert på tapt bruksverdi – blei taksert til 95 550 kroner. Gjenopprettingskostnadene var vurderte til å vere drygt 1 600 000 kroner. Tingretten uttalte at dette beløpet stod ”i åpenbart misforhold” til den verdireduksjonen skaden hadde ført til, og at skaden måtte betraktast som uoppretteleg, jf. naturskadelova § 10 første ledd. Gjenoppretting blei derfor ikkje taksert. Grunneigaren anka over lovbruken til lagmannsretten, som forkasta anken. Anken til Høgsterett gjeld lovbruken i tingretten.

Høgsterett kom til at anken ikkje kunne føre fram. Høgsterett var einig i at naturskadelova § 10 første ledd måtte vere undergitt ei økonomisk forholdsmessigavgrensing. Lovbruken i tingretten var ikkje uriktig når tingretten hadde avgrensa erstatninga til tapt bruksverdi og ikkje hadde inkludert erstatning for tapt flaumvern, jf. naturskadelova § 10 tredje ledd. Tingretten hadde heller ikkje lagt til grunn uriktig lovbruk da han ved fastsetjinga av verdireduksjonen etter naturskadelova § 10 tredje ledd ikkje hadde teke omsyn til reduksjon i salsverdien på eigedommen som følgje av tapt flaumvern, jf. forskrift om taksering av og erstatning for naturskadar § 5 andre ledd.

Les avgjørelsen i sin helhet