Saka gjaldt spørsmål om bruk av føretaksstraff mot eit reiarlag
Høgsteretts dom, 21.12.2011, HR-2011-02382-A, (sak nr. 2011/1329), straffesak, anke over dom
A AS (advokat Kenneth Mikkelsen) mot Den offentlege påtalemakta(førstestatsadvokat Lars Fause)
Dommarar: Matheson, Tønder, Matningsdal, Stabel, Schei
Saka gjaldt spørsmål om bruk av føretaksstraff mot eit reiarlag for brot på havressurslova med tilhøyrande forskrifter om utøving av selfangst i Vesterisen og Austisen.
Reiarlaget A AS blei i tingretten og lagmannsretten dømt til føretaksstraff med ei bot på 70 000 kroner som følgje av at skipperen og mannskapet på fangstskuta ’Kvitungen’ i 2009 hadde brote reglar om fangstmetodar for sel. Skipperen var – som den ansvarlege om bord etter selfangstforskrifta § 14 – blitt dømd til å betale ei bot på 40 000 kroner. Lagmannsretten fann bevis for 104 regelbrot, 100 av dei var forsettlege. Reiarlaget og skipperen hadde i 2007 vedteke førelegg for tilsvarande regelbrot under selfangsten i 2005.
Fiskeridirektoratet, og seinare departementet, trekte som følgje av lovbrota mellombels tilbake ervervsløyvet til reiarlaget etter deltakarlova for delar av 2010. Vidare blei søknaden frå reiarlaget om å delta i selfangsten for dette året avslått. Som følgje av dette fall inntektsgrunnlaget for reiarlaget bort for store delar av 2010.
Spørsmålet for Høgsterett var om reiarlaget burde dømmast til føretaksstraff, jf. straffelova § 48 b.
Høgsterett la ved vurderinga særleg vekt på den preventive verknaden av straffa. Reiarlaget burde, på bakgrunn av forhistoria og risikoen for regelbrot under fangstinga, ha etablert rutinar som kunne ha medverka til å hindre regelbrot. Selskapet kunne på dette punktet ikkje berre støtte seg på at mannskapet hadde følgt kurs i fangstmetodar som er pålagde av myndigheitene.
Høgsterett vurderte både talet på lovbrot og graden av skuld som grove og i tillegg utførte for å fremme interessene til føretaket. Dei alvorlege økonomiske konsekvensane dei administrative vedtaka som følgde etter lovbrota, hadde hatt for reiarlaget, var ikkje til hinder for å bruke føretaksstraff. Høgsterett viste her til at det i fiskerinæringa er fast praksis å straffe både fartøysjefen og reiarlaget ved brot på fiskerireglane og også å bruke føretaksstraff ved sida av inndraging i slike tilfelle. Selfangstreiarlag kunne ikkje stillast i nokon annan posisjon ved brot på den reguleringslovgivinga som gjeld for næringa.