Saka gjaldt straffutmåling i sak om grove seksuallovbrot der fire born var krenkte av fleire vaksne

Høgsteretts dom, 22.12.2011, HR-2011-02403-A, (sak nr. 2011/1201), straffesak, anke over dom

A (advokat Harald Stabell), B (advokat Tore Angen), C (D) (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Iris Øsp Lydsdottir Storås)

Dommarane Utgård, Matningsdal, Matheson, Tønder, Schei

Saka gjaldt straffutmåling i sak om grove seksuallovbrot der fire born var krenkte av fleire vaksne. Hovudspørsmålet gjaldt straffutmålinga, og då også om det skulle nyttast forvaringsstraff. Sak reiste vidare spørsmål om krav til grunngiving i straffesak.

I lagmannsretten hadde dei to som hadde gjort seg skuldige i dei alvorlegaste og mest omfattande forgåingane, fått forvaring i 13 år og fengsel i 12 år.

Ein samla Høgsterett kom til at rett straffenivå for dei to som hadde gjort seg skuldige i dei alvorlegaste og mest omfattande forgåingane, var fengsel i 15 år. Det var dissens i spørsmålet om forvaring. Fleirtalet på tre dommarar kom til at det ikkje var grunnlag for forvaring, mellom anna ut frå den lange fengselsstraffa. Mindretalet på to dommarar røysta for dom på forvaring.

Dei to andre dømde hadde i lagmannsretten fått straffer på fengsel i  høvesvis 3 år og 4 år. Høgsterett skjerpa straffene til fengsel i 5 år og 6 månader og 7 år.

Les avgjørelsen i sin helhet