Saka gjaldt saksbehandlinga i ei straffesak for lagmannsretten
Høgsteretts kjennelse, 21.09.2011, HR-2011-01754-A, (sak nr. 2011/736), straffesak, anke over beslutning
Den offentlegepåtalemakta (statsadvokat Håvard Skallerud) mot Norges Geotekniske Institutt (advokat Erling O. Lyngtveit)
Dommarar: Skoghøy, Øie, Normann, Tønder, Gjølstad
Saka gjaldt saksbehandlinga i ei straffesak for lagmannsretten. Spørsmålet var i kva utstrekning lagmannsretten ved behandlinga av ein bevisanke kan avgrense bevisføringa.
Norges Geotekniske Institutt (NGI) blei saman med fleire andre i 2009 tiltalt for mellom anna brot på forureiningslova § 78 andre ledd første straffalternativ, jf. første ledd bokstav b, jf. bokstav e, jf. straffelova § 48 a. Etter tiltalen skulle NGI ha medverka til ulovleg dumping av 33 000 m3 masse ved Malmøykalven i Oslo, og ved ca. halvparten av dei 1 160 loggførte deponeringane hadde det vore manglande eller mangelfull overvaking. Tingretten fann at det berre låg føre bevis for irregulær deponering av rundt 1 200 m3 mudder og stein, og at det heller ikkje låg føre bevis for mangelfull eller manglande overvaking ved fleire enn 50 deponeringar. Under dissens (2 mot 1) blei NGI dømt for å ha medverka til desse brota på forureiningslova, men da omfanget var langt mindre enn det tiltalevedtaket bygde på, blei tilhøvet nedsubsumert til brot på forureiningslova § 78 første ledd bokstav b, jf. bokstav e. Både NGI og påtalemakta anka over bevisvurderinga under skuldspørsmålet. NGI aksepterte i sin anke tingretten si vurdering av omfanget av forureininga, men gjorde gjeldande at NGI ikkje kunne gjerast ansvarleg for henne.
Lagmannsretten viste NGIs anke til ankeforhandling, medan anken frå påtalemakta blei nekta fremma. Påtalemakta anka over nektinga til Høgsteretts ankeutval, men denne anken blei forkasta.
Under den vidare førebuinga av ankesaka oppstod det ueinigheit om kor mange dagar som skulle setjast av til ankeforhandling. Påtalemakta ville ha full bevisføring om omfanget av forureininga og meinte at det derfor måtte setjast av 22 rettsdagar. NGI hevda at sidan anken frå påtalemakta var nekta fremma, måtte lagmannsretten når det gjaldt omfanget av forureininga, byggje på det tingretten hadde funne bevist. Det var da berre behov for fire rettsdagar til ankeforhandlinga. Under dissens (2 mot 1) gav lagmannsretten NGI medhald. Påtalemakta anka til Høgsterett.
Høgsterett kom samrøystes til at anken frå påtalemakta måtte forkastast. Dette blei grunngitt med at lagmannsretten etter straffeprosesslova § 331 tredje ledd i tilfelle der det berre er ueinigheit om ein del av bevisvurderinga i tingretten, kan avgrense bevisføringa til denne delen. Påtalemakta hevda riktignok at forureininga hadde eit større omfang enn det tingretten hadde funne bevist. Men anken frå påtalemakta var nekta fremma. Etter § 321 fjerde ledd er det ikkje høve til å gjere om ei ankenekting til skade for den sikta. Under desse omstenda måtte lagmannsretten med heimel i § 331 tredje ledd kunne nekte bevisføring om omfanget av forureininga.