Saka gjaldt straffutmåling for fire rumenske statsborgarar som var funne skuldige i omfattande vinningskriminalitet

Høgsteretts dom, 22.09.2011, HR-2011-01773-A, (sak nr. 2011/683), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Geir Evanger) mot A og B(advokat Halvard Helle), C (advokat Anders Brosveet) og D (advokat Arne Gunnar Aas)

Dommarar: Bårdsen, Noer, Øie, Arnesen, Skoghøy

Saka gjaldt straffutmåling for fire rumenske statsborgarar som var funne skuldige i omfattande vinningskriminalitet, i første rekkje innbrotstjuveri frå private bustader og grovt heleri – såkalla mobil vinningskriminalitet. Utbyttet – kontantar og lett omsetjelege ting, særleg smykke, sølvtøy, fotografiapparat og ulike typar elektronisk utstyr – blei oppbevart på ein base i Oslo for seinare transport eller omsetning, til dels i utlandet. Tjuveriverksemda var basert på utstrekt samarbeid og koordinering, dels ved gjennomføringa av dei enkelte innbrota og dels ved oppbevaringa og utsendinga av tjuvegodset. Det blei stole betydelege verdiar – erstatningskrava for noko over halvparten av tjuveripostane utgjorde meir enn 1,6 millionar kroner. I tillegg kom dei materielle øydeleggingane i samband med innbrota.

Ved straffutmålinga tok fleirtalet i Høgsterett – dommarane Bårdsen, Arnesen, Øie og Skoghøy – utgangspunkt i Rt. 2011 side 765, der førstvoterande heldt fram at mobil vinningskriminalitet ”utgjer eit alvorleg strafferettsleg problem som det er nødvendig å reagera strengt mot”. Den saka gjaldt fleire grove tjuveri enn det som var tilfellet i den saka som det no skulle dømmast i. Elementa av felles planmessig organisering og gjennomføring var også tydelegare. På den andre sida gjaldt saka no større verdiar, som alle dei fire domfelte langt på veg hefta for gjennom fellinga for grovt heleri. I tillegg kom – og det var heilt sentralt for fleirtalet i Høgsterett – at det nesten utelukkande var tale om innbrotstjuveri i privatbustader. Fleirtalet framheva at ved sida av rettskrenkinga ved sjølve innbrotstjuveriet, inneber slik kriminalitet ei inntrenging i den private sfæren som er eigna til å skape utryggleik i heimane. I tillegg blir dei fornærma ofte påførte atskilleg arbeid og bryderi i tilknyting til eit bustadinnbrot, og ikkje sjeldan går uerstattelege verdiar tapt – for eksempel arvestykke og elektronisk lagra bilete og dokument. Desse tilhøva måtte fangast opp av straffenivået. Slik fleirtalet såg det, måtte straffa ved så omfattande og samordna innbrotstjuveri mot privatbustader, kombinert med grovt heleri av store verdiar, liggje mellom fire og fem års fengsel. Justert ut frå dei individuelle tilhøva – under dette tilståingar og tidlegare domfellingar – blei straffa fastsett til fengsel i fire år for tre av dei domfelte, og fire år og fire månader for den fjerde. Utsegner om frådraget for tilståing, jf. straffelova § 59 andre ledd.

Mindretalet – dommar Noer – røysta for ei lågare straff for alle dei domfelte, ut frå eit anna syn på straffenivået og storleiken på tilståingsfrådraget.

Les avgjørelsen i sin helhet