Saka gjaldt straffutmåling for to lekamskrenkingar

Høgsteretts dom, 21.12.2011, HR-2011-02391-A, (sak nr. 2011/1568), straffesak, anke over dom

A (statsadvokat Katharina Rise) mot A (advokat Øystein Storrvik)

Dommarar: Falkanger, Øie, Tjomsland, Skoghøy, Schei

Saka gjaldt straffutmåling for to lekamskrenkingar – eitt brot på straffelova § 229 andre straffalternativ jf. § 232 og eitt brot på straffelova § 228 jf. § 232. Eit sentralt spørsmål var kor mykje straffa for særleg den førstnemnde typen lovbrot skulle skjerpast som følgje av dei signala lovgivaren gav i samband med endringa av straffelova 25. juni 2010.

Brotet på § 229 andre straffalternativ jf. § 232 skjedde ved at den domfelte uprovosert slo ned den krenkte. Deretter sparka og slo han den krenkte ei rekkje gonger medan den sistnemnde låg på bakken. Fleire av slaga blei utførte mot hovudet med ein stein med skarpe kantar. Under tilvising til signal i forarbeida til lovendringa av 25. juni 2010 om at straffene for denne typen valdsbrotsverk skulle skjerpast, blei det uttalt at riktig straff for dette lovbrotet isolert sett ville ha vore fengsel i eitt år og seks månader. 

Brot på straffelova § 228 jf. § 232 var eit vedvarande straffbart tilhøve som gjekk føre seg over cirka halvanna år. Den domfelte hadde ved fleire høve slått kjærasten sin i ansiktet og på kroppen med knyttneven.

Høgsterett kom til at straffa samla skulle setjast til fengsel i eitt år og ni månader, noko som var tre månader meir enn påstanden frå aktor.

Les avgjørelsen i sin helhet