Saka gjaldt naudrett mot lovlege pålegg frå politiet

Høgsteretts dom, 19.12.2011, HR-2011-02349-A, (sak nr. 2011/1483), straffesak, anke over dom

A, B, C (advokat Harald Stabell) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Katharina Rise)

Dommarar: Arnesen, Falkanger, Stabel, Øie, Schei 

Saka gjaldt naudrett mot lovlege pålegg frå politiet, og krav om erstatning for tap forårsaka av demonstrasjonar.

Tre menn var dømde for ikkje å ha retta seg etter pålegg frå politiet om å fjerne seg. Pålegga blei gitt i samband med tre ulike demonstrasjonar i tilknyting til prosjektet ”Ren Oslofjord”. Siktemålet med demonstrasjonane var å rette merksemda mot konsesjonsbrot ved gjennomføringa av prosjektet.

Det var ikkje tvil om at prosjektet ”Ren Oslofjord” kvilte på gyldige vedtak frå styresmaktene, eller at pålegga frå politiet hadde tilstrekkeleg heimel. Det blei likevel gjort gjeldande at det å ikkje rette seg etter pålegga måtte vere straffritt på grunn av naudrett, sidan formålet med aksjonen var å gjere tiltakshavaren, Oslo Havn, styresmaktene og publikum merksame på dei lovbrota demonstrantane meinte gjekk føre seg. Argumentet førte ikkje fram. Det blei vist til synspunkta i Alta-avgjerda i Rt. 1981 side 21. Det var ikkje kravd mellombels åtgjerd. Målet om merksemd var elles realisert da politiet gav sine pålegg.

Naudverje blei også gjort gjeldande. Heller ikkje det førte fram. Pålegga frå politiet var ikkje rettsstridige angrep, og det å la vere å rette seg etter pålegget var derfor inga naudverjehandling.

Dei tre var også dømde til å betale erstatning til Oslo Havn for produksjonstap knytt til to hendingar. Høgsterett frifann dei tre for det eine erstatningskravet, men ikkje for det andre.

Les avgjørelsen i sin helhet