Saken gjelder straffutmåling for grovt skattesvik
Høgsteretts dom, 17.11.2011, HR-2011-02145-A, (sak nr. 2011/1351), straffesak, anke over dom
A (advokat Ian W. Kenworthy) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Henrik Horn)
Dommarar: Falkanger, Indreberg, Matheson, Bull, Matningsdal
Saka gjeld straffutmåling for grovt skattesvik. Den domfelte hadde i sjølvmeldinga for åra 2000 og 2001 late vere å føre opp inntekter på til saman ca. 18 millionar kroner. Han hadde dermed betalt ca. 5 millionar kroner for lite i skatt. Fordi han var under strafforfølging, hadde likningsmyndigheitene ikkje pålagt han å betale tilleggsskatt for dette, jf. forbodet mot dobbeltstraff i EMK P7-4. Lagmannsretten sette straffa til fengsel i 2 år og 1 månad, i tillegg til ei bot på 1,5 millionar kroner. Bota svarte til det den domfelte ville ha blitt pålagt ved ein ordinær tilleggsskatt på 30 prosent, men lagmannsretten gav uttrykk for at dei ved utmålinga tok utgangspunkt i den alminnelege regelen i straffelova § 27.
Høgsterett gav uttrykk for at den domfelte måtte dømmast til både fengselsstraff og bot, jf. straffelova § 26 a. Trass i føresetnadene som låg til grunn da denne føresegna blei innført, fann Høgsterett at det i saker om skattesvik først måtte målast ut fengselsstraff, og at ein deretter måtte ta omsyn til fengselsstraffa når bota skulle fastsetjast.
Ved den konkrete utmålinga av fengselsstraffa blei det teke utgangspunkt i eit nivå på 2 år og 8 månader. Som følgje av at tilståinga til den domfelte hadde forenkla etterforskinga og domstolsbehandlinga, blei fengselsstraffa sett ned med 20 prosent, til 2 år og 1 månad. Det blei ikkje gitt reduksjon som følgje av lang tidsbruk eller belastande mediedekning.
Da bota skulle målast ut, blei det først drøfta kva betydning det skulle ha at det ikkje var fastsett tilleggsskatt. Høgsterett la til grunn synspunkta til fleirtalet i Rt. 2005 side 129, nemleg at bota måtte målast ut etter prinsippa i straffelova § 27, og at ho derfor ikkje utan vidare kunne leggjast på eit nivå som svarte til 30 prosent tilleggsskatt. Men som følgje av at det ikkje blei fastsett tilleggsskatt, måtte bota kunne skjerpast samanlikna med det som var praksis før ein måtte gi opp det tospora systemet. Bota blei sett til 750 000 kroner.