Saka gjeld tolking av omgrepet ”noen i sin husstand” i straffelova § 219 første ledd bokstav d mm.

Høgsteretts dom, 01.11.2011, HR-2011-02029-A, (sak nr. 2011/1218), straffesak, anke over dom

A (advokat Marius O. Dietrichson) mot Den offentlege påtalemakta(statsadvokat Torstein Hevnskjel) og Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Torstein Hevnskjel) mot A (advokat Marius O. Dietrichson)

Dommarar: Øie, Noer, Webster, Utgård, Tjomsland

Saka gjeld tolking av omgrepet ”noen i sin husstand” i straffelova § 219 første ledd bokstav d og straffutmåling for mellom anna grov mishandling i nære relasjonar, jf. § 219 andre ledd.

Straffelova § 219 rettar seg i første ledd bokstav d mot den som grovt eller fleire gonger mishandlar ”noen i sin husstand”. Den tiltalte og den krenkte hadde – som kjærastepar – i rundt to og eit halvt år ein bufellesskap på hybelen til den tiltalte, der dei sov, åt og oppheldt seg saman i fritida. Lagmannsretten rekna hybelen for å vere hovudbasen til den krenkte. Høgsterett fann det klart at den krenkte da måtte reknast for å ha vore nokon i husstanden til den tiltalte. Høgsterett la ikkje avgjerande vekt på at ho hadde bidrege lite økonomisk til bufellesskapen, hadde mesteparten av kleda og eigedelane sine i ei anna leilegheit, og at ho også vaska kleda sine der. 

Ved ei lovendring 25. juni 2010 nr. 46 blei lengstestraffa for mellom anna brot på straffelova § 219 første ledd heva frå tre til fire års fengsel. Eit hovudformål var å heve straffenivået. Departementet hadde også foreslått å heve lengstestraffa etter andre ledd frå seks til åtte års fengsel, men dette blei av prosessuelle grunnar ikkje gjennomført. Lovforarbeida måtte likevel, slik Høgsterett såg det, forståast slik at lovgivaren meinte at også straffenivået for brot på § 219 andre ledd skulle skjerpast, men da innanfor den vidareførte strafferamma.

Mishandlinga var relativt langvarig, til dels ganske alvorleg, og danna eit mønster der den krenkte levde under eit regime prega av kontinuerleg utryggleik og frykt for vald. Ein ikkje uvesentleg del av valden skjedde etter at lovendringa om eit skjerpa straffenivå tredde i kraft. Høgsterett fann at ei straff av fengsel opp mot to og eit halvt år var passande for dette forholdet isolert sett. Domfellinga gjaldt også valdtekt til seksuell omgang, jf. straffelova § 192 første ledd bokstav a, og lekamsskading, jf. § 229 første straffalternativ. Den samla straffa blei sett til fengsel i fire år.

Les heile avgjerda