Saka gjaldt spørsmålet om straffeprosesslova § 264 første ledd første punktum gav den tiltalte krav på innsyn i spegelkopiar

Høgsteretts kjennelse 20.09.2011, HR-2011-01744-A, (sak nr. 2011/866), straffesak, anke over kjennelse

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Håvard Kampen) mot A (advokat Nicolai V. Skjerdal)

B (advokat John Christian Elden) mot A ( Nicolai V. Skjerdal)

Dommarar: Falkanger, Endresen, Matheson, Bull, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmålet om straffeprosesslova § 264 første ledd første punktum gav den tiltalte krav på innsyn i spegelkopiar som politiet hadde teke av beslaglagde harddiskar og andre elektroniske lagringsmedium som tilhøyrde den medtiltalte, andre mistenkte og vitne. Ein spegelkopi er ein eksakt kopi av innhaldet i slike databerarar. På grunn av den enorme mengda data som låg lagra i databerarane, hadde politiet berre søkt gjennom delar av det, basert på nærmare oppgitte søkjekriterium. Dei dokumenta som politiet hadde henta ut på grunnlag av slike søk, hadde forsvararen fått innsyn i. Den tiltalte gjorde gjeldande at alle dokumenta som var i spegelkopiane, fell inn under formuleringa ”sakens dokumenter” i § 264 første ledd første punktum. Tingretten og lagmannsretten gav han medhald i det, men Høgsterett i avdeling, jf. domstollova § 5 første ledd andre punktum, kom til at ein måtte forstå lova slik at berre dei dokumenta som politiet hadde henta ut, var omfatta.

Les heile avgjerda