Utmåling av straff for polsk statsborgar for i hovudsak eit større tal grove tjuveri og innbrot, utførte under kortvarige opphald her i landet
Høgsteretts dom 24.05.2011, HR-2011-01049-A, (sak nr. 2011/260), straffesak, anke over dom
A (advokat Øystein Storrvik) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen)
Dommarane: Utgård, Bårdsen, Akerlie, Møse, Skoghøy
Saka gjaldt utmåling av straff for polsk statsborgar for i hovudsak eit større tal grove tjuveri og innbrot, utførte under kortvarige opphald her i landet.
A og to andre polske statsborgarar gjennomførte grove tjuveri av i alt 69 påhengsmotorar, innbrot i 4 naust med forsøk på tjuveri derifrå og dessutan 8 hytteinnbrot. Desse handlingane vart gjorde i tre periodar i 2009: midt i juni, i slutten av august og i september. For Høgsterett var det opplyst at tjuveria samla gjaldt verdiar på rundt 1,5 millionar kroner. I tillegg kom dei materielle skadane som vart valda på båtar, naust og hytter.
Lagmannsretten hadde funne det bevist at føremålet med turane var å stele påhengsmotorar som skulle fraktast ut av landet.
Det var tale om det som kan kallast mobile vinningskriminelle, som kjem raskt inn i landet, og forsvinn like raskt både sjølve og med utbytet. Høgsterett uttala at dette er eit alvorleg strafferettsleg problem som det er nødvendig å reagere strengt mot.
Saka gjaldt krenkingar av den private sfæra for privatpersonar. Sjølv om det ikkje var grunnlag for domfelling etter straffelova § 60 a om handlingar som ledd i verksemda til ei organisert kriminell gruppe, var graden av profesjonalitet og organisering likevel moment i straffeutmålinga.
Lagmannsretten hadde teke utgangspunkt i ei straff av fengsel i fire år og to månader før frådrag for tilståingsrabatt med seks månader. Straffa vart dermed fengsel i tre år og åtte månader. Høgsterett var einig i dette, likevel slik at tilståingsrabatten ikkje var gjenstand for prøving.
Anken vart såleis forkasta.