Aldersdiskriminering – spørsmål om ein arbeidsgivar på grunnlag av tariffavtale kan krevje at helikopterflygarar går av ved fylte 60 år

Høgsteretts dom, 14.02.2012, HR-2012-00325-A, (sak nr. 2010/127), sivil sak, anke over dom

Bjørn Nybø mfl. (advokat Bent Endresen) mot CHC Helikopter Service AS (advokat Haakon Blaauw)

Dommarar: Indreberg, Bull, Normann, Tønder, Tjomsland

Saka gjeld aldersdiskriminering, jf. arbeidsmiljølova kapittel 13, og reiser spørsmål om ein arbeidsgivar på grunnlag av tariffavtale kan krevje at helikopterflygarar går av ved fylte 60 år.

Ti helikopterflygarar saksøkte arbeidsgivaren med krav om å få stå i stillinga etter fylte 60 år – sjølv om det følgde av gjeldande tariffavtale, slik partane tolka han, at dei plikta å gå av ved fylte 60 år. Dei viste til arbeidsmiljølova kapittel 13, som forbyr forskjellsbehandling på grunn av alder. Arbeidsgivaren og arbeidstakarorganisasjonen, som var partshjelpar for arbeidsgivaren, gjorde gjeldande at unntaket i arbeidsmiljølova for forskjellsbehandling som er nødvendig for å oppnå eit sakleg formål og ikkje er uforholdsmessig inngripande, kom til bruk.

Krava frå flygarane førte ikkje fram i tingretten og lagmannsretten, men dei fekk medhald i Høgsterett.

Det er tidlegare slått fast av Høgsterett at reglane i arbeidsmiljølova skal tolkast slik at dei samsvarer med EU-direktivet om likebehandling i arbeidslivet. Etter at lagmannsretten behandla saka til helikopterflygarane, har EU-domstolen avsagt fleire dommar om aldersdiskriminering. Den siste EU-dommen gjaldt ein tvist mellom flygarar og Lufthansa om den tariffastsette sekstiårsgrensa som gjaldt for dei, ”Priggedommen”. EU-domstolen konkluderte der med at aldersgrensa ikkje kunne grunngivast med tryggleiksomsyn eller helse all den tid sertifikatreglane tillèt flyging inntil flygaren fyller 65 år.

Også i Noreg bestemmer sertifikatreglane at ein flygar, på nærmare fastsette vilkår, kan ha flyging som erverv til fylte 65 år. Slik Høgsterett såg det, følgjer det da direkte av Priggedommen at tryggleiksomsyn eller helsetilstand ikkje kan grunngi sekstiårsgrensa for helikopterflygarane. Høgsterett tok ikkje endeleg stilling til om dei andre formåla som var trekte fram – omsynet til ein verdig avgang, til raskt avansement for dei yngre flygarane og til å verne den gode pensjonsordninga – var saklege i denne samanhengen, fordi dei uansett ikkje var tungtvegande nok til at det var forholdsmessig å krevje at flygarane slutta når dei fylte 60 år.

Les avgjørelsen i sin helhet