Gyldigheten av en ektepakt
Høyesteretts dom, 06.03.2012, HR-2012-00499-A, (sak nr. 2011/1516), sivil sak, anke over dom
A (advokat Sven Ivar Sanstøl) mot B (advokat Thorer Ytterbøl)
Saka gjeld gyldigheita av ei ektepakt.
Partane inngjekk ei ektepakt da dei gifta seg. Her var det fastsett at hustrua skulle ha særeige på det ho hadde med seg inn i ekteskapet, som var ei leilegheit med innbu. Partane sende ektepakta til tinglysing, men ektepakta blei nekta tinglyst på grunn av at dokumentet var til dels uklart. Nokre år seinare inngjekk ektefellane ein ”arveoppgjeravtale” der det blei bestemt at den attlevande skulle ha rett til å sitje i uskifte.
Dei to dokumenta var sette opp utan hjelp av advokat og var til dels uklare. Høgsterett kom likevel til at det ikkje var tvilsamt at det i utgangspunktet var inngått ei gyldig ektepakt om at leilegheita skulle vere hennar særeige, og at avtalen ikkje var så uklar at han måtte setjast til side. Høgsterett fann heller ikkje støtte for at ektepakta var meint å vere mellombels. Da ektepakta kom i retur frå tinglysing, hadde ho aleine eller partane i fellesskap kryssa av på fleire punkt i ektepaktskjemaet, noko som gjorde at ektepakta verka innbyrdes motstridande. Høgsterett kom til at dette likevel ikkje gjorde den opphavlege avtalen ugyldig.
Som del av ektepakta var det også gitt føresegner om fordelinga av arven ved død mv. Det var tvilsamt om desse føresegnene ville kunne stå seg overfor pliktdelsreglane i arvelova, men Høgsterett fann at heller ikkje dette førte til at den opphavlege ektepakta blei ugyldig. Det blei i samband med det lagt vekt på at partane i den etterfølgjande arveoppgjersavtalen hadde gitt nye reglar om fordelinga av arven ved død som i praksis sette til side dei testamentariske disposisjonane som følgde av ektepakta.