Omstøyting av eit morselskap si betaling av krav mot dotterselskapet
Høgsteretts kjennelse, 22.03.2012, HR-2012-00617-A, (sak nr. 2011/1555), sivil sak, anke over kjennelse
Gram, Hambro & Garman Advokatfirma AS (advokat Morten Garman) mot Centrum Eiendomsmegling AS, dets konkursbo (advokat Anja K. Ankerud)
Dommarar: Bull, Indreberg, Webster, Kallerud, Matningsdal
Saka gjaldt omstøyting etter dekningslova § 5-5 første ledd av eit morselskap si betaling av krav mot dotterselskapet – konkursskyldnaren – med påfølgjande motrekning i morselskapet si gjeld til dotterselskapet. Det var éin og same person som styrte likviditeten i både morselskapet og dotterselskapet, og det direkte formålet med betalinga var å dekkje gjelda til dotterselskapet.
Dersom ein tek § 5-5 på ordet – ”betaling […] som skyldneren har foretatt” – fell betalingar frå tredjemann utanfor. Det må også vere den klare hovudregelen, men Høgsterett kom til at det må stille seg annleis i eit tilfelle som dette – slik det også er lagt til grunn av dansk og svensk høgsterett. I realiteten har det i dette tilfellet skjedd ei indirekte betaling frå skyldnaren sjølv. Det må vere avgjerande.
Det var vidare gjort gjeldande at det var feil av lagmannsretten å sjå bort frå dotterselskapet si fordring på morselskapet ved avgjerda av om betalinga førte til at skyldnaren si ”betalingsevne” minka i betydeleg grad.
Lagmannsretten hadde uttalt seg nokså konkret om akkurat dette spørsmålet, og Høgsterett sin kompetanse i saka var avgrensa til å prøve den generelle lovtolkinga til lagmannsretten. Men når den generelle lovtolkinga til lagmannsretten gjekk fram av dei meir konkrete merknadene til lagmannsretten, måtte dette etter omstenda vere tilstrekkeleg.
Grunngivinga lagmannsretten hadde for å sjå bort frå fordringa, var knytt til uvissa som herska om kva gjeldspostar som skulle betalast. Høgsterett kom til at ei slik uvisse ikkje kan føre til at ein ser bort frå dei betalingsmidla skyldnaren faktisk rår over. Det må også gjelde når betalingsmidlet er ei fordring på tredjemann av det slaget vi står overfor her. Det sentrale må vere om fordringa reint faktisk fungerer som eit (indirekte) betalingsmiddel for dotterselskapet, noko ho her hadde gjort overfor ei rekkje kreditorar fram til konkursopninga. Resten av fordringa er blitt innfridd overfor buet.
Den generelle lovforståinga til lagmannsretten var derfor feil. Lagmannsretten hadde dermed ikkje vurdert situasjonen basert på at fordringa var med i vurderinga av betalingsevna. På grunn av den avgrensa kompetansen til Høgsterett i denne saka, jf. tvistelova § 30-6, måtte dette føre til at dommen blei oppheva, jf. tvistelova § 30-3, jf. § 29-23 fjerde ledd.