Krav om heving av bilkjøp og kva som kan reknast som "ny bil" etter kjøpekontrakten

Høgsteretts dom, 16.3.15, HR-2015-00601-A, (sak nr. 2014/1516), sivil sak, anke over dom

I. Sandvika Bil AS (advokat Johan Haga) mot A (advokat Knut Hvidsten)
II. A (advokat Knut Hvidsten) mot Sandvika Bil AS (advokat Johan Haga)

Dommarar: Arntzen, Bull, Utgård, Noer, Skoghøy

Kjøparen av ein elbil fekk medhald i kravet om heving. 

Høgsterett kom til at bilen, som var seld som "ny" med en oppgitt kilometerstand på 160, hadde manglar fordi han sannsynlegvis hadde vore brukt som demonstrasjonsbil i Tyskland. Bilen hadde vore registrert på ein tysk merkeforhandlar i nærmare fem månader og hadde køyrt 897 kilometer før han blei levert til kjøparen i Noreg. Seljaren hadde ikkje opplyst om dette før kontrakten blei inngått, jf. forbrukarkjøpslova § 16 første ledd bokstav a, b og c. 

Høgsterett fann vidare at mishaldet ikkje var uvesentleg, og kjøparen hadde dermed rett til å heve bilkjøpet, jf. forbrukarkjøpslova § 32. Ved denne vurderinga blei det lagt vekt på at kjøparen hadde forventningar til tryggleik og komfort ved kjøp av ny bil som ikkje blei innfridde, og vidare at bilen hadde gått heile 897 kilometer. Fabrikkgarantien var dessutan betydeleg kortare enn han ville ha vore dersom bilen hadde vore førstegongsregistrert i Noreg.

Les heile avgjerda