Ein lærling som på grunn av sjukdom fekk avbrote læretida si i bedrift, hadde ikkje krav på å få forlengd læretida i den same bedrifta

Høgsteretts dom 19. oktober 2015, HR-2015-02085-A, (sak nr. 2015/468), sivil sak, anke over dom

A (advokat Merete Bårdsen) mot X (advokat John Egil Bergem)

Dommarar: Bårdsen, Falch, Kallerud, Stabel, Schei

Ein elev under vidaregåande opplæring i ambulansefaget som hadde inngått ein tidsavgrensa læreavtale og avtale om mellombels tilsetjing i eit helseføretak, kravde å få halde fram læretida i den same bedrifta utover den perioden som var avtalt. Ho hadde fått eit avbrot på omkring sju månader på grunn av langvarig sjukdom, og ønskte å forlengje læretida tilsvarande. Høgsterett konkluderte med at lærebedrifta ikkje var forplikta til å forlengje læretida. Det blei vist til reglane i opplæringslova, til at læreavtalen var tidsavgrensa, og til at det er fylkeskommunen som har det overordna ansvaret for at eleven får fullført utdanninga si.

Saka har betydning for rekkjevidda av pliktene lærebedrifter har overfor lærlingar ved langvarig sjukdom.

Les heile avgjerda