Domsavseiing i Svalbard-saka
Måndag 20. mars kl. 09.00 avseier Høgsterett i plenum dom i saka om snøkrabbefangst og det geografiske verkeområdet til Svalbardtraktaten. Domsavseiinga blir avvikla i plenumssalen i Høgsteretts hus og varer om lag ein time.
Domsavseiinga blir strøymd på heimesida vår og avgjerda vert publisert så fort han er avsagd.
Partane i saka
SIA North STAR Ltd.
(advokat Hallvard Østgård og advokat Mads Andenæs)
(rettsleg medhjelpar: advokat Brynjar Østgård)
Staten v/Nærings- og fiskeridepartementet
(Regjeringsadvokaten v/advokat Fredrik Sejersted)
(rettsleg medhjelpar: advokat Marius Kjelstrup Emberland)
Det saka gjeld
Det latviske selskapet SIA North STAR Ltd. fekk i 2019 avslag på søknaden om dispensasjon for å fangste snøkrabbe på den norske kontinentalsokkelen. Reiarlaget ønskte å fangste snøkrabbe med fartøya Senator, Solvita og Saldus, men fekk avslag frå Fiskeridirektoratet og deretter Nærings- og fiskeridepartementet som klageinstans. Den norske reguleringa inneber i praksis at berre norske fartøy har høve til å fange snøkrabbe på kontinentalsokkelen.
Saka for Høgsterett gjeld gyldigheita av avslaget frå Nærings- og fiskeridepartementet. Det sentrale spørsmålet er om vedtaket frå Nærings - og fiskeridepartementet og forskrifta om forbod mot fangst av snøkrabbe er i strid med Svalbardtraktaten.
Svalbardtraktaten blei signert 9. februar 1920 og sett i verk 14. august 1925. I traktaten anerkjende partane Noregs «full and absolute sovereignty» / «la pleine et entière souveraineté» over øygruppa Svalbard, på dei vilkåra som er nedfelte i traktaten. Dei sentrale vilkåra i denne saka er artiklane 2 og 3 – særleg artikkel 2, som mellom anna regulerer retten til fiske for traktatpartane.
SIA North STAR Ltd., som anka til Høgsterett, gjer gjeldande at Svalbardtraktaten kjem til bruk også på Svalbards kontinentalsokkel, og at vedtaket og den norske forskrifta derfor er i strid med likebehandlingsprinsippet i Svalbardtraktaten.
Høgsterett i plenum og storkammer
Når dei aller viktigaste rettsspørsmåla skal avgjerast, blir Høgsterett sett anten i plenum med alle dommarane eller i storkammer med elleve dommarar. Dei fleste sakene blir avgjorde av Høgsterett i avdeling med fem dommarar.
Ved vurderinga av om saka skal behandlast i plenum eller storkammer, blir det mellom anna lagt vekt på om saka reiser spørsmål om konflikt mellom lover og Grunnlova eller avtalar Noreg er bunde av gjennom internasjonalt samarbeid.
Her finn du ei oversikt over tidlegare storkammer- og plenumssaker i Høgsterett
Strøyming
Domsavseiinga blir strøymd på heimesida til Høgsterett, www.hogsterett.no.
Vi vil også dele bilete frå retten på https://www.flickr.com/photos/hoyesterett/.
Bileta kan brukast fritt mot akkreditering.
Praktisk for pressa
Domsavseiinga går for opne dører, og det er ikkje restriksjonar når det gjeld filming eller fotografering, så lenge det ikkje forstyrrar rettsmøtet. For best mogleg tilrettelegging ønsker Høgsterett at presse som vil vere til stades i rettssalen, tar kontakt på info@hoyesterett.no innan fredag 17. mars kl. 15.00.
Kontaktinfo
E-post: info@hoyesterett.no
Rizwana Yedicam, informasjonsmedarbeidar, tlf. 45 21 72 36
Ida Dahl Nilssen, informasjonssjef, tlf. 96 23 72 76