Habilitet
Du kan ikkje delta som meddommar om du er inhabil. Å vere inhabil betyr at nokon kan stille spørsmål ved om du er nøytral i ei sak. Er du inhabil, må du melde frå om det så snart som mogleg. Er du usikker på om du kan vere inhabil, så kontakt domstolen. Er du meddommar i tingretten, kan du melde frå om inhabilitet i Aktørportalen. Dersom du først oppdagar at du er inhabil når du møter i retten, må du straks snakke med dommaren.
Til dømes tilknyting til ei sak gjennom familie, venskap og liknande til partar eller vitne, vil kunne føre til at du blir vurdert som inhabil. Det same gjeld dersom du har direkte interesser i saka (aksjepostar, styremedlemskap osv.). Det er også viktig at du ikkje har skrive noko i sosiale media om saka, eller der du generelt gir uttrykk for synet ditt på norsk rettspraksis. Dette gjeld både før og under rettssaka. Det kan føre til at heile saka må starte på ny.
Om du blir erklært inhabil, treng ikkje dette bety at dei involverte ikkje stolar på vurderingane dine. Men det må ikkje kunne reisast tvil om rolla di som meddommar. Dette handlar om tillit til at domstolane behandlar saker upartisk. Det er alvorleg dersom denne tilliten blir svekka.
Oppmøte
I innkallinga vil du finne stad og tidspunkt for oppmøte. Dei fleste domstolane kallar inn meddommarane 15-30 minutt før rettssaka startar. Vanlegvis vil dommaren ha ei kort samtale med meddommarane før saka startar. Dersom du har behov for tilrettelegging eller for eksempel må gå frå rettsmøtet på eit bestemt tidspunkt, må du varsle dommaren så tidleg som mogleg, helst før rettsmøtet startar.
Du kan ikkje bruke mobiltelefon under rettssaka. Du får tilgang til dokumenta i saka gjennom ein eigen skjerm på plassen din i rettssalen.
Gangen i ei rettssak
Slik er vanleg saksgang i ei rettssak:
- Retten blir sett. Habiliteten til dommarane blir kontrollert og tiltalevedtaket blir lese opp.
- Aktor held innleiingsforedrag og forsvararen kjem med innleiande merknader til saka.
- Den tiltalte forklarer seg dersom vedkomande ønskjer å gjere det.
- Den fornærma og vitne forklarer seg. Dersom den fornærma har bistandsadvokat, kan den fornærma forklare seg før den tiltalte.
- Realbevis blir gjennomgått (bilete, dokument, gjenstandar).
- Sakkunnige forklarer seg.
- Aktor, forsvarar og bistandsadvokat held sluttinnlegg.
- Den tiltalte får komme med ein sluttkommentar dersom vedkomande ønskjer det.
Les meir om gangen i en straffesak.
Nøytralitet
Når du er vald som meddommar, har du eit verv som stiller nokre krav til korleis du opptrer i saka. Det vil bli lagt merke til kva du seier og gjer i ein rettssal. Det vil også ha betyding korleis du kler deg. Det å opptre nøytralt i og utanfor rettssalen er viktig for å oppretthalde tilliten til retten si avgjerd.
Vis at du følgjer med og at du er interessert i det som går føre seg. Dersom du verkar uinteressert, gjespar, himlar med augo eller ser på ein mobiltelefon, vil det fort bli tolka negativt av nokon. Partane i saka kan vere i sitt livs viktigaste møte, og dette må du som meddommar ta omsyn til.
Under saka er det viktig at du opptrer slik at partane ikkje trur du er partisk eller at du alt har bestemt deg. Måten du stiller spørsmål på vil bety noko i denne samanhengen. Dersom du til dømes stiller spørsmålet "Kvar stod de når du slo han", viser du at du alt har tatt stilling til saka. Ein meir nøytral måte å stille spørsmål på vil til dømes vere "Kvar hende dette?".
Dersom du snakkar om fotball eller om været med ein av partane i ein pause, vil det av den andre parten kunne bli oppfatta som at du står meir på deira side, sjølv om du berre meinte å vere hyggeleg.
Ei rettssak består ofte også av synfaringar. Retten drar da ut for å sjå på til dømes ein eigedom i ei tvistesak eller ein åstad i ei straffesak. Ved synfaring kjem ein tettare på dei involverte i rettssaka, og det kan oppstå situasjonar som kan bli misforstått av ein part. Er du i tvil, så spør fagdommar om råd.
Bevisvurdering
Eit viktig rettsprinsipp er at alle skal sjåast på som uskuldige til det motsette er bevist. Er retten i tvil om skuldspørsmålet, skal den tiltalte frifinnast.
I ei straffesak er det politiet som innhentar bevis og etterforskar saka. Deretter er det aktoren si oppgåve å leggje fram tilstrekkelege bevis for skuld. Forsvararen skal ivareta den tiltalte sine rettar i saka.
Kva slags bevis er det i straffesaker, og korleis skal du stille deg til bevisa som meddommar?
For det første kan bevis vere munnlege forklaringar frå den tiltalte, fornærma, vitne og sakkunnige. For det andre har vi tekniske bevis. Dette kan vere til dømes gjenstandar, DNA, åstad, datasporing, bilete osv. Den tredje typen er dokumentbevis. Det er skriftleg materiale i ei eller anna form.
Ei viktig oppgåve for dommarane er å vurdere dei ulike bevisa opp mot kvarandre. I følgje lova har ikkje den tiltalte plikt til å seie sanninga. Det er ein menneskerett at ingen skal tvingast til å vitne mot seg sjølv. Derimot har den fornærma og andre vitne plikt til å snakke sant. Falsk forklaring frå vitne er straffbart. Som dommar må du likevel ta omsyn til at munnlege forklaringar kan vere usikre bevis. Vitne kan lyge, men dei kan og snakke usant fordi dei rett og slett hugsar feil. Gløymsel og endring av minne er normal hjerneaktivitet. Barn er særleg sårbare vitne. Avhøyr av barn under 16 år skal til vanleg gjerast på Barnehusa. Retten får då sjå filmopptak av avhøyret og lese avskrift av det barnet har sagt.
Kor sikker må du vere for å dømme?
I strafferetten heiter det at all rimeleg tvil skal komme den tiltalte til gode. Men kva betyr eigentleg det? Kor sikker må ein vere for å dømme? Retten skal vere overtydd om at den tiltalte er skuldig for å kunne seie dom. Det er den samla bevisvurderinga som er avgjerande for retten om eventuelt kan seie dom. Ved den samla vurderinga kan det bli tillagt stor vekt på enkelte bevis, medan det kan bli lagt lita eller inga vekt på andre bevis.
I til dømes saker om seksuallovbrot, kan forklaringane til den tiltalte og den fornærma vere dei viktigaste bevisa, og dei kan vere i strid med kvarandre. Dommarane må då vurdere truverdet til den tiltalte og den fornærma. Men det strenge beviskravet medfører at det ikkje er nok til å seie dom at retten trur mest på forklaringa til den fornærma. Dommarane må vurdere alle bevisa i saka og sjå om dei då er overtydde om at den tiltalte er skuldig eller om det er rimeleg tvil.
Erstatningskrav
For erstatningskrav som blir fremma i tilknyting til ei straffesak, gjeld andre beviskrav. Erstatningskrav er eit sivilt krav. Ved slike krav skal retten normalt leggje til grunn det som er mest sannsynleg. Men for erstatning i samband med domfelling for ei straffbar handling, blir det kravd ei sterkare overvekt av sannsyn enn elles. Beviskravet for erstatning i slike saker er altså ikkje like strengt som for skuldspørsmålet, men strengare enn for vanlege erstatningskrav.
Skilje mellom person og sak
Ofte kan det vere vanskeleg å skilje mellom person og sak, men det er nødvendig. Som meddommar skal du dømme ut frå kva folk har gjort – ikkje kven dei er.
Rein magekjensle høyrer ikkje heime i bevisvurdering. "Å tru" er heller ikkje tilstrekkeleg for å domfelle. Det må finnast klare bevis mot den tiltalte, elles skal vedkomande frifinnast.
Som meddommar må du aldri prøve å hente inn bevis på eiga hand, til dømes ved spørje ut folk eller dra på ei ”privat synfaring”. Heller ikkje det du les i avisa om saka har du lov til å bruke i vurderinga di.
Endeleg bevisvurdering skjer saman med dei andre dommarane under domskonferansen.
Å ta eit val
Når du gjer teneste som meddommar i retten for første gong, må du gi ei forsikring. Ansvaret ditt som meddommar kjem tydeleg fram i forsikringa.
Når du gir forsikring må alle reise seg. Dommaren spør deg:
«Forsikrar du at du så i denne saka og i alle framtidige saker, vil følgje godt med på alt som blir forhandla i retten, og at du vil dømme slik du meiner er sannast og rettast etter lova og bevisa i saka?
Du svarer: Det forsikrar eg.»
Ut frå dette må du prøve så godt du kan å ta eit val. Om du meiner noko anna enn dei andre dommarane, må du gi uttrykk for dette og prøve å grunngi synet ditt. Det er ikkje eit mål at de skal bli samde. Det er viktig at de alle er villige til å gå inn i diskusjonen og teste eigne standpunkt sett ut frå kva dei andre tenkjer.
Du skal dømme i samsvar med lova
Merk deg at du har gitt forsikring om at du vil dømme i samsvar med lova. Det betyr at sjølv om du er usamd i ein lovregel, eller i Høgsterett si klare tolking av regelen, er du bunden til å følgje regelen. Når domskonferansen er avslutta, skriv fagdommaren eit utkast til dom. Dersom dommarane har ulike meiningar om resultatet, kjem dette fram i dommen.
Du må etter beste evne vurdere bevis, gi uttrykk for ditt syn og ha mot til å stå opp for dine eigne meiningar innanfor rammene i lova.
Teieplikt
Som meddommar har du teieplikt. Du kan ikkje diskutere saka med vener, familie eller andre. Du kan berre diskutere saka med fagdommaren. Teieplikta for meddommarar er regulert i domstolslova. Her står det at dommarar og andre som utfører teneste eller arbeid i domstolane skal sørgje for at andre ikkje får kjennskap til visse opplysingar som dei får vite om i samband med tenesta.
Teieplikta gjeld opplysingar om personlege forhold. Typiske slike opplysingar er familieforhold, fysisk eller psykisk helse eller korleis ein person har det kjenslemessig. Forretningsmessige forhold som vil vere av konkurransemessig betyding er også omfatta av teieplikta.