Kan dei same personane veljast som meddommarar for tingretten og for lagmannsretten?
Same person kan ikkje veljast både til utvalet til lagmannsretten og til tingretten, jamfør domstollova § 68 siste ledd (lovdata.no). Elles kan alle ulike kombinasjonar veljast. Til dømes kan same person vere meddommar i både tingretten og jordskifteretten. Vedkomande kan i tillegg vere skjønnsmedlem.
Kan personar med fysisk funksjonshemming veljast som meddommar?
I dei alminnelege domstolane er fysisk funksjonshemming til vanleg ikkje til hinder for å kunne veljast som meddommar.
I jordskifterettane vil det ofte vere behov for å kunne delta i synfaringar i terrenget. Det må derfor tas omsyn type og grad av funksjonshemming ved valet.
Dersom kommunen er kjend med at meddommarar har fysisk funksjonshemming som krev tilrettelegging, må domstolen varslast.
Kravet i domstollova § 70 (lovdata.no) betyr at ein må vere eigna til å gjere teneste i dei fleste sakene. Ein meddommar kan til dømes vere ueigna i ei sak med synfaring, men vere godt eigna til å gjere teneste i saker som berre går føre seg i rettssalen.
Ein person som er døv eller blind, sterkt syns- eller høyrselssvekka eller ute av stand til å gjere seg forstått, kan ikkje veljast.
Nokre rettssalar har teleslynger, men ikkje alle. Domstolen set også rett utanfor rettslokala. I slike tilfelle er ikkje tilpassa utstyr alltid tilgjengelig.
Kan personer som er uføretrygda eller sjukmelde veljast som meddommarar?
Å vere sjukmeld eller uføretrygda er ikkje i seg sjølv til hinder for å kunne veljast som meddommar. Den som blir vald må vere personleg eigna og ha eit funksjonsnivå som ikkje er til hinder for å bli vald.
Kan vi velje personar som ikkje er norske statsborgarar som meddommarar?
Kravene følgjer av domstollova § 70 (lovdata.no):
Vedkomande må stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen på valdagen. I tillegg må vedkomande vere statsborgar i Noreg eller i eit anna nordisk land, eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen.
Meddommarar må ha gode norskkunnskapar, noko som gjeld både god forståing av norsk tale og tekst. Dette inneber at den som blir vald må kunne forstå nyansane i forklaringane i retten og sjølv kunne uttrykke seg godt på norsk.
Utvalet bør ha ei allsidig samansetjing.
Kva betyr det at personar med avgrensa politimakt ikkje kan veljast?
Avgrensa politimakt gjeld til vanleg jakt-, fiske- eller fjelloppsyn. Desse personane vil til vanleg ha eit anna arbeid som hovudstilling.
Spørsmålet er mest aktuelt i mindre kommunar med store ressursar i utmark. Kommunen må derfor spørje aktuelle kandidatar om dei har avgrensa politimakt. Det er det lokale politidistriktet som utferdar avgrensa politimakt. Alternativt kan kommunen derfor vende seg til det lokale politikammeret og spørje om dei som er foreslått til meddommarar har slik politimakt.
Kan kommunalt tilsette vere meddommar?
Kommunedirektørar er ikkje valbare.
Kommunalt tilsette som tar del i førebuing og gjennomføring av valet, er heller ikkje valbare. Dette gjeld typisk tilsette i politisk sekretariat. Dette gjeld også dersom dei utfører oppgåver av reint teknisk karakter.
I praksis vil dette bety at personar som har arbeidd med å setje saman listene eller har hatt arbeidsoppgåver knytt til valet, ikkje kan veljast.
Dersom vedkomande bur i ein annan kommune enn den vedkomande er tilsett i, kan vedkomande veljast i den kommunen vedkomande bur i.
Kan dei folkevalde i kommunen veljast?
Folkevalde i kommunen kan veljast som meddommarar. Dette blei avklara i ei avgjerd frå Høgsterett 29. november 2021.
Unntak gjeld for medlemmer av kommunerådet i kommunar med eit parlamentarisk styringssystem. Sjå domstollova § 71 nr. 9 (lovdata.no).
Kan medlemmer av forliksrådet veljast?
Ja, desse kan veljast som meddommarar.
I kor mange periodar kan ein meddommar veljast?
Det er inga avgrensing av kor mange periodar ein person kan vere meddommar. Meddommarar blir valde for éin periode om gongen. Ein meddommar har rett til fritak dersom vedkomande har vore meddommar i to periodar. Det betyr at meddommarar kan nekte å bli valde for ein tredje periode. Avgjerd om fritak frå val blir fatta av kommunen.
Dette er regulert i domstollova § 74 (lovdata.no).
Kan kandidatar nekte å bli valde?
Det er generelt strenge krav for å få fritak som meddommar. Ein person kan krevje seg fritatt dersom helsetilstanden eller andre særlege forhold tilseier det.
Yrkesmessige og økonomiske forhold vil kunne vere ein særleg grunn, og vere grunnlag for fritak.
Også dette er regulert i domstollova § 74 (lovdata.no).
Kor viktig er aldersfordelinga?
Som det går fram av domstollova § 67 (lovdata.no) skal meddommarutvalet ha ei allsidig samansetjing. I 2018 blei det gjennomført ei landsdekkjande gransking av kven som gjer teneste som meddommar. Granskinga viser at aldersfordelinga er svært ujamn. Heile 60 prosent av meddommarane er 50 år eller eldre, og berre 2,8 prosent er under 30 år. I jordskifteretten var det ingen under 30 år som svarte på granskinga.
I tillegg viser granskinga at berre 5 prosent av meddommarane er fødde utanfor landet.
Kommunane bør derfor arbeide aktivt for at utvala skal bli meir representative.
Kva er ein skjønnsmedlem?
Skjønnsmedlemmene (tidlegere kalla skjønnsmenn) kan langt på veg karakteriserast som ein type sakkunnig meddommar. Dei deltar både i lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten i rettslege skjønn og overskjønn (skjønn i lagmannsretten). Slike skjønn er ei form for rettargang der formålet som regel er å fastslå verdien av eigedom, eller verdien av rettar i fast eigedom.
Skjønn blir mest brukt i samband med ekspropriasjon, og når område blir verna i medhald av lov om biologisk mangfald. Skjønnsmedlemmene skal alltid utgjere fleirtalet målt mot talet på fagdommarar.
Suppleringsval og fritak
Kva er eit suppleringsval, og når gjer vi det?
Oppstår det særlege forhold i valperioden som medfører eit klart behov for fleire meddommarar, kan domstolsleiaren bestemme at det skal veljast fleire medlemmer til utvala for resten av perioden, jamfør domstolslova § 66a. Kommunane skal ikkje gjennomføre suppleringsval utan at dei har fått beskjed frå domstolen.
Ved suppleringsval gjeld alle krav til kven som kan veljast, bortsett frå kravet om lik kjønnsfordeling. Det er domstollova § 70-72 (lovdata.no) som regulerer kven som er valbar. Domstolen opplyser om tal og fordeling på kjønn i si bestilling til kommunane ved suppleringsval.
Når bør meddommaren få varig fritak?
Det er generelt strenge krav for å få fritak som meddommar. Ein person kan krevje å få fritak dersom helsetilstanden eller andre særlege forhold tilseier det.
Yrkesmessige og økonomiske forhold vil kunne vere ein særleg grunn og vere grunnlag for fritak.
Dette er regulert i domstollova § 74 (lovdata.no).
Kven gir fritak?
Ved sjukdom er det domstolen som gir fritak i konkrete saker.
Det er kommunen som fattar vedtak om varig fritak. Sjå svar på førre spørsmål om kva slags forhold som gir grunnlag for fritak.
Kommunen må då melde inn fritaket til domstolen på Meddommerutvalg slik at vedkomande blir registrert som fritatt ut perioden i saksbehandlingssystemet til domstolen.
Kva gjer vi når nokon flyttar ut av kommunen?
Når ein meddommar flytter til ein kommune innanfor same domssoknet (same tingrett, lagmannsrett eller jordskifterett), skal meddommaren overførast til lista i den nye kommunen. Vedkomande held då fram som meddommar i den nye kommunen.
Ved flytting ut av domssoknet, er det den kommunen vedkomande meddommar flytter frå som skal registrere flyttinga. Kommunen vedtar sletting av meddommaren og legg inn fritak i portalen Meddommerutvalg. Når ein meddommar flytter ut av domssoknet, er ikkje vedkomande i teneste som meddommar lenger. Då må vedkomande eventuelt veljast neste gong det er val.
Dersom ein meddommar døyr, skal kommunen slette vedkomande frå utvalet. Kommunen må varsle domstolen om dødsfallet.
Dette er regulert domstollova § 76.
Rapportering i meddommarportalen
Kva er skilnad på yrke og stilling?
Yrke er utdanninga. Stilling viser kva for jobbtittel vedkomande har.
Døme:
- Yrke: Agronom
- Stilling: Bonde
Kompensasjon
Kva slags kompensasjon får meddommarane?
Alle får dekket reise og diett etter satsane i staten. Meddommar som blir trekt i løn av arbeidsgivaren, får dette dekka. Sjølvstendig næringsdrivande kan krevje tapt arbeidsforteneste. Lønstap må dokumenterast. Pensjonistar, studentar og liknande får 750 kroner per dag.
Dette er regulert t i rettsgebyrforskrifta kapittel 1 (lovdata.no).
Rettssystemet
Kva er forskjellen på tingretten og lagmannsretten?
Tingrettane er første nivået i domstolssystemet i Noreg. I straffesaker blir tingretten til vanleg sett med éin fagdommar og to meddommarar. I sivile saker blir tingretten til vanleg sett med éin fagdommar. I nokre tilfelle blir retten sett med to eller fire meddommarar, eller med fagkunnige meddommarar.
Lagmannsretten er det andre nivået i det norske domstolssystemet. Denne retten er ankedomstol i både straffesaker og sivile saker. I straffesaker blir lagmannsretten sett med to fagdommarar og fem meddommarar.
I nokre sakstypar blir retten sett med berre tre fagdommarar. I sivile saker deltar som regel berre tre fagdommarar, men i nokre sakstypar (t.d. barnevernssaker) skal det vere med meddommarar. I andre saker kan det, dersom partane ønskjer det, vere med anten to eller fire meddommarar. Du kan lese meir om rettssystemet på nettsidene for meddommarar.