Domstolane si historie
Vikingtid
Lovgivande, dømmande og utøvande makt fanst allereie på 900-talet. Då var ætta det viktigaste utøvande elementet. Brotsverk og konfliktar blei løyste ættene imellom, og ofte var det semje om kva straffa burde vere. Blodhemn var ei av dei vanlegaste straffene.
Det blei etablert både lagting og bygdeting. Den viktigaste oppgåva til desse organa var å komme fram til løysingar i ulike tvistemål. Bygdetinga og lagtinga blei etablerte som følgje av auka samarbeid mellom bygdene på grunn av at folketalet voks.
I denne perioden såg dei behovet for at rettsvesenet skulle dekkje over eit større område. Kong Håkon den gode (933-960) endra lagtinga frå å vere allmannating til å bli representasjonsting. I dette ligg det at der det tidlegare var meint at alle skulle møte opp, blei det no vanleg å sende representantar til tinget. Dei mest kjente lagmannstinga frå denne tida er Gulating (Vestlandet) og Frostating (Trøndelag). Hålogaland, Eidsivating og Borgartinget blei etablerte på 1100-1200-tallet, men fekk ikkje like stor innverknad som Gulating og Frostating. Det er funne lovsamlingar frå Gulating og Frostating. Endring av tinga og funn av lovsamlingar viser at rettsstaten var på veg til å bli sentralisert allereie på 1100-tallet.
Den vanlegaste måten lover blei skapte på i middelalderen, var ved sedvanerett. Det betyr at det var mange rettsreglar som folk følgde, men dei var ikkje blitt skrivne ned og vedtatt av ei offentleg styresmakt. Sedvanerett er framleis i bruk i dag, men er mest vanleg i land med dårleg utbygde rettssystem. Men sedvanerett blir også brukt i internasjonal rett, på nasjonale område som stats- og forvaltingsrett og i deler av privatretten og erstatningsretten.
Middelalderen
I middelalderen fekk kongen meir makt og fylte til slutt rolla både som lovgivande, dømmande og utøvande makt. Kyrkja fylte dei same rollene som kongen, og det var ofte dragkamp mellom kongen og kyrkja om kven som skulle ha mest makt.
Gjennom middelalderen blei det viktig å få utarbeidd felles lover. Magnus Lagabøte (konge 1263-1280) reviderte dei gamle landskapslovene, og deretter fekk han utarbeidd ei ny landslov som skulle vere felles for heile landet. Den blei vedtatt på tinga i åra 1274 (Landslova) og 1276 (Bylova). Landslova blir sett på som ei administrativ samling av Noreg (rikssamlinga blir datert til 1030). Landslova førte også med seg endringar på det dømmande og utøvande området av rettssystemet. Det blei innført ordningar for offentleg oppnemnde lagmenn. Desse skulle leie forhandlingane på tinget mellom dei ulike partane. Det ble etablert fleire lagting, og desse blei lokalisert i ein by eller eit anna sentrum. Skuldspørsmålet blei også endra frå å gjelde ætta til å gjelde personen.
I middelalderen blei rettsvesenet både sentralisert, byråkratisert og profesjonalisert.
Unionstida
Den norske unionstida varte i nærare 400 år. I løpet av den tida var Noreg i union med Danmark, Sverige eller begge samtidig. Unionsperioden hadde verknad på utforminga av rettssystemet for alle partar. I denne perioden blei rettssystemet uniformert og meir profesjonalisert og byråkratisert. I byrjinga var unionen mellom Noreg, Sverige og Danmark ein personalunion: Landa hadde ein felles konge/regent, men dei hadde eigne administrasjonar.
Ordninga med sorenskrivar ved bygdetinga blei innført i 1591. Sorenskrivarane var i utgangspunktet ikkje dommarar, men dei skulle hjelpe til med å utforme og skrive ned domsbreva. Uttrykket sorenskrivar kjem av ”svoren skrivar”. I 1634 fekk sorenskrivaren status som dommar, saman med lagrettemedlemmene. Etter kong Kristian 5. si norske lov av 1687 blei sorenskrivarane einedommarar i dei fleste sakstypane. Sorenskrivarane har hatt denne statusen sidan. Sidan sorenskrivarane var einedommarar, var praksisen heilt fram til 1960-åra å opprette nye sorenskrivarembete når eit embete fekk for stor arbeidsbør.
Norske saker blei først behandla anten i bygdetinget eller i bytinget. Derifrå gjekk sakene til lagtinga og vidare derifrå til Overhoffretten i Kristiania (etablert i 1667). Før den tid var det Herredagen/rettarting som var den norske versjonen av Høgsterett. Den første Herredagen blei halden i 1539. Den besto av både nordmenn og danskar. Det var meint å skulle følgje den Norges Landslova. Etter at Danmark etablerte Høgsterett i 1661, kunne norske saker ankast dit. For nokre var dette eit tilbakeskritt då danskane hadde lite kjennskap til norske lover og rettstenking, og dermed fort kunne ta utgangspunkt i eigne lover.
Høgsterett låg under kongen, og fram til 1771 skulle alle avgjerder fatta av den danske Høgsteretten leggjast fram for han. Etter 1771 gjekk ein bort frå dette, bortsett frå når det gjaldt dødsdommar. I løpet av unionstida prøvde ein å auke skiljet mellom den dømmande og den utøvande makta, samtidig som kongen beheldt sin posisjon som øvste lovgivande makt.
Lova som gjaldt i Noreg, var Magnus Lagabøte si Landslov. I Danmark gjaldt landskapslovene (Jyske, Skånske og Sjællandske). På 1600-talet blei det behov for fornying av dei gamle lovene. Dette førte til ei samansmelting av danske og norske lover. Landslova blei erstatta med den Norske lov (1687) som til ei viss grad var basert på den danske lova (1683). Særleg for Høgsterett i Danmark var dette positivt då den no kunne halde seg til to lovsamlingar som var tilnærma like.
Maktfordelingsprinsippet
Den franske filosofen Montesquieu og verket hans, "De l’esprit des lois" frå 1748 blir rekna som det filosofiske grunnlaget for prinsippa om maktfordeling. Han var opptatt av å hindre at lovgivaren også skulle vere den utøvande statsmakta. Han skreiv mellom anna: "Når det lovgivande organet er sameina med det utøvande organet i ein og same person eller i eitt og same organ, er det ingen fridom, for det er grunn til å frykte at den same monarken eller den same forsamlinga vil gi tyranniske lover for deretter å bruke lovene tyrannisk." Montesquieu hevda at folket kunne gjere opprør mot kongen, og det var dette som skjedde i Frankrike på slutten av 1700-tallet.
Frankrike var på denne tida prega av etterverknadene av fleire krigar, økonomiske vanskar og ei ujamn maktfordeling. Frankrike var eit standssamfunn, der kongen var øvst og hadde uavgrensa makt (einevelde). Deretter følgde presteskapet, adelen og til slutt borgarskapet (alt frå handelsfolk til bønder). I 1789 blei det revolusjon i Frankrike. Årsaka til revolusjonen var at folket og opplysingsfilosofane ønskte ei betre fordeling av makta. Resultatet blei meir makt til folket og overgang frå monarki til republikk.
Den norske grunnlova av 1814
Som nemnt utarbeidde den franske filosofen Montesquieu maktfordelingsprinsippet, som inneber skilje mellom den lovgivande, utøvande og dømmande makta.
Dette maktfordelingsprinsippet var sentralt ved utforminga av den norske grunnlova i 1814. Kongen blei den utøvande makta, Stortinget den lovgivande makta og domstolane den dømmande makta. I motsetnad til andre grunnlover frå denne tida, var den norske Grunnlova liberal. Den var mellom anna bygd på folkesuverenitetsprinsippet.
Noreg fekk eigen Høgsterett i 1815. Den norske grunnlova gjaldt sjølv om Noreg kom i union med Sverige i 1814. Det norske sjølvstendet i 1905 representerte derfor inga endring i den norske lovgivinga og rettssystemet.
Krigsåra 1940-1945
Under krigen deltok Høgsterett ved tre høve på den politiske arenaen. Dei danna eit Administrasjonsråd som var eit forvaltingsorgan for dei delane av Noreg som var under okkupasjon. Kort tid etter formulerte Høgsterett ei historisk erklæring der det blei gjort klart at trass i at Kongen hadde forlate landet, hadde han ikkje forlate pliktene sine. Mot slutten av 1940 la alle medlemmene av Høgsterett ned embeta sine. Dette skjedde etter at okkupasjonsmakta forsøkte å innføre reglar som Høgsterett meinte gjekk ut over den grunnlovsmessige stillinga deira. I 1941 blei det oppretta ein ny ”Høgsterett”. Denne besto av nazisympatisørar som seinare blei dømde for landssvik i Høgsterett. Sidan alle dei alminnelege domstolane var i funksjon under krigen, var det ikkje berre Høgsterett som blei ramma då det blei innført ulike endringar i den norske rettspleia. Mest tydeleg var innføringa av dødsstraff for alvorlege brotsverk og brotsverk mot den offentlege orden.
To-instansreform og fjerning av juryen
I 1995 kom det endringar i straffeprosesslova som medførte at alle sakene først skulle gå i herads- eller byretten. Deretter kunne dei ankast til lagmannsretten (ofte kalt to-instansreforma). Tidlegare blei dei alvorlegaste straffesakene behandla i lagmannsretten med jury som første instans. Det viktigaste formålet med endringa var å gi den tiltalte moglegheit til å få prøvd bevisvurderinga av skuldspørsmålet to gonger. Endringa har samanheng med signeringa av menneskerettskonvensjonen om politiske og sivile rettar (ratifisert i 1966) og barnekonvensjonen (ratifisert i 1991).
Juryordninga besto fram til 2017. Ordninga blei brukt i saker med strafferamme på meir enn seks års fengsel. Frå 2018 blir slike saker behandla av ein meddomsrett med fem meddommarar og to fagdommarar.
Internasjonale konvensjonar
Etter 2. verdskrigen har det blitt utarbeidd fleire menneskerettighetskonvensjonar. Noreg har slutta seg til fleire av desse, mellom anna den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Ved signeringa av denne blei Noreg folkerettsleg bunde til artiklane i konvensjonen. Det var først i 1999 at artiklane blei inkorporerte i norsk lovverk og dermed gjort om til norsk lov (lovdata.no). Dette betyr at ved ei konflikt, må norsk lov vike til fordel for EMK.
Samane og rettsvesenet
Indre Finnmark tingrett blei etablert i 2004 med det spesielle formålet å vareta den samiske dimensjonen (språkbruk og kulturell/rettsleg kompetanse) innanfor domstolane. Grunnlova § 110 a seier: «Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfundsliv».
Domstolen skifta i 2021 namn til Østre og Indre Finnmark tingrett.
Tydeliggjering av skiljet mellom utøvande og dømmande makt
I 2002 blei skiljet mellom lovgivande og dømmande makt tydelegare markert gjennom oppretting av
Jordskiftehistoria
Jordskifte har lange tradisjonar i Noreg. Dei første føresegnene om visse former for jordskifte går tilbake til Frostatingslova og Gulatingslova. Også Landslova til Magnus Lagabøter av 1274 inneheldt reglar om skifte av jord som sikra at alle partar skulle få utlagt teigar i forhold til landsskylda si. «Soleis skal det skiftast at alle får teigar jambreide, jamlange og jamgode etter landsskylda» heiter det i landsloven. Lovteksten gjaldt først og fremst skifte mellom leiglendingar. Vidare kunne alle brukarar - eigarar eller leiglendingar – krevje å få utskilt sin part frå sameiget eller samdrifta. Dei utskilte teigane skulle merkast med grensesteinar med vitnesteinar.
Føresegnene om jordskifte i Landslova blei førte vidare i Norske Lov av 1604 og - utan særlege endringar - i Norske Lov av 1687. Utskifting av sameige i skog starta på 1700-talet. Mot slutten av 1700-talet blei spørsmålet om utskifting av teigblanda jord reist.
1821 - Den første særskilte utskiftingslova
«Lov angaaende Jords og Skovs Udskiftning av Fællesskab» blei vedtatt 17. august 1821. Etter denne lova skulle utskifting av sameige og teigblanding i utgangspunktet løysast minneleg av partane sjølv. Dersom ein ikkje kom fram til ei minneleg løysing, kunne det haldast utskifting av ein rett som var samansett av sorenskrivaren og fire skjønns- og takstmenn som blei nemnde opp av futen.
Utskifting av jordfellesskap etter 1821-lova hadde som mål å avskaffe jordfellesskapet i Noreg. Det viste seg snart at lova fungerte dårleg i høve til målet. Det blei sett ned ein kommisjon som skulle vurdere endringar i utskiftingslovgivinga. Arbeidet til kommisjonen resulterte i ny utskiftingslov («Lov om Jords og Skovs Udskiftning» av 12. oktober 1857). Etter 1857-loven blei Utskiftingsvesenet (seinare jordskifteverket/jordskifteretten) oppretta, og utskiftingssakene blei overført frå sorenskrivaren til Utskiftingsvesenet. Sakene blei utført av ein utskiftingsformann og to menn som var nemnde opp av futen. Utskiftingsformannen var offentleg tilsett. Han skulle vere fagkunnig i eigedomsutforming, landmåling og kartteikning. Dei fleste av dei første utskiftingsformennene hadde bakgrunn som offiserar. Ved lov av 22. mai 1897 blei utdanninga av jordskiftekandidatar lagt til Norges Landbrukshøgskole på Ås.
Etter 1857-loven og etterfølgjande lover blir offentleg utskifting utført av ein domstol med fagkunnig dommar.
Kompetanse til å løyse tvistar
I 1882 blei utskiftingslova revidert. Arbeidet med utskifting blei lagt til ein særdomstol, utskiftingsretten. Etter 1821-loven kunne utskiftingsretten avgjere tvistar innanfor skiftefeltet om eigedomsrett, bruksrett og andre rettar ved orskurd.
Skiftefeltet er det området som er omfatta av jordskiftet.
Med 1882-loven fekk utskiftingsretten heimel til å løyse tvistar mellom skiftefeltet og naboeigedommar, noko det var stort behov for. Etter 1882 kom det fleire gonger forslag om at utskiftingsretten skulle få kompetanse til å avgjere tvistar om eigedomsgrenser som eiga sak, utan at dette var ein del av ei utskiftingssak. Ved lovendring i 1934 fekk utskiftingsretten heimel til å halde grensegang som eiga sak. Fram til 1934 var det berre dei alminnelege domstolane som kunne utføre slike saker.
Utskifting blir til jordskifte
Ved revisjonen av jordskiftelova i 1950 blei kompetansen i grensegangssaker utvida til også å gjelde grenser for alltidvarande bruksrettar. Jordskifterettane sin heimel til å behandle grensegangssaker har ikkje vore geografisk avgrensa. Den omfattar både landsbygd, byar og tettstader.
Med jordskiftelova av 1950 kom omgrepet jordskifte inn som erstatning for utskifting.
Rettsutgreiing som ny sakstype
Då jordskiftelova av 1950 blei erstatta av 1979-lova, blei rettsutgreiing innført som ny sakstype. Ved rettsutgreiing kan jordskifteretten klarleggje gjeldande rettsforhold i eit område der det er sameige eller rettsleg grunna sambruk.
Som for grenser og rettsutgreiing, har det skjedd ei utvikling av jordskifteretten sin judisielle kompetanse som skjønnsrett. Jordskifterettane har, spesielt ved innføring av 1979-lova og etterfølgjande endringar, fått kompetanse til å halde ulike typar skjønn. Ei viktig endring var at jordskifterettane fikk heimel til å skaffe grunn til offentlig veg og jernbane gjennom arealbyte. Lovrevisjonen i 1999 utvida denne heimelen.
I 2006 blei det innført heimel til rettsmekling i grensegangs- og rettsutgreiingssaker.
Gjeldande jordskiftelov
Den gjeldande jordskiftelova blei innført 1. januar 2016. Lova inneheld fleire viktige reformer, mellom anna er ankesystemet forenkla. Jordskifteoverretten blei avvikla, slik at alle anker no blir behandla av lagmannsretten.
Frå Udskiftingsvesenet via Jordskifteverket til jordskifterettene
Historia om organisering av jordskiftearbeidet heng nøye saman med utvikling og revisjon av utskiftings- og jordskiftelovene. Ved 1857-lova som trådde i kraft 1. januar 1859, blei Utskiftingsvesenet oppretta. Dette var namnet på organisasjonen fram til 1951, då namnet blei endra til Jordskifteverket. Namnet Jordskifteverket omfatta alle jordskifterettane, jordskifteoverrettane og administrativt og faglig støtteapparat som fotogrammetrisk avdeling, landskonsulentar, sentral leiing og fylkesjordskiftekontor.
Det har vore gjennomført fleire organisatoriske endringar de siste 40 åra. Jordskifteverket etablerte i 1985 ei administrativ inndeling på fylkesnivå. Fylkesjordskiftekontora blei regionale administrative einingar. Denne organiseringa var kortvarig. Frå 2002 utgjer kvar jordskifterett ei eiga administrativ eining. Jordskifterettane blei samtidig fellesnamn for jordskifterettane og jordskifteoverrettane.
I 1992 blei talet på jordskifteoverrettar redusert frå ni til fem. Det administrative ansvaret for jordskifterettane blei frå 1. januar 2006 flytta frå Landbruks- og matdepartementet til Domstoladministrasjonen i Trondheim. I perioden 1985-2002 blei talet på jordskifterettar redusert frå 58 til 34. Fram til 2016 var det 34 jordskifteretter og fem jordskifteoverrettar i Noreg. Jordskifteoverrettane blei lagt ned 1. januar 2016. Ansvaret for alle anker på avgjerder i jordskifterettane ligg no til lagmannsrettane.
Jordskiftekartet som historisk dokument
Sluttproduktet i ei jordskiftesak er ei rettsbok, grensemerke sett ut i terrenget og jordskiftekart. Grensemerka var tidlegare ofte korshogde grensesteinar med vitnesteinar, kors i fjell og kors i gamle tre. I nyare tid blir grensene merka med metallboltar.
Alle grenser som jordskifterettane set ut i terrenget, blir målte inn og koordinatfesta. Det er derfor mogleg å rekonstruere gamle grenser når grensemerka manglar.
Etter at grensene er merka og målte, blir dei teikna inn på jordskiftekart. I tillegg til grensene, blir også annan informasjon, som bygningar, vegar, bryggjer og anna teikna inn. Det har blitt utarbeidd jordskiftekart sidan 1850-talet. Gamle jordskiftekart er verdifulle også i historisk samanheng. Sjølv om ny teknologi (GPS, digital kartbehandling med meir) har endra framstillingsmåten, er sluttproduktet frå jordskifteretten det same som før; Rettsbok, grensemerke i terrenget og nøyaktige jordskiftekart.