Meddomsrett er eit viktig rettsprinsipp
Eit viktig rettsprinsipp i det norske rettssystemet er at ein skal dømmast av sine likemenn. Det blir sett på som ein garanti for rettstryggleiken at vanlege folk deltar i retten og dømmer i straffesaker. Meddommarar deltar i straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane. Dei blir trekte ut tilfeldig frå eit utval til kvar enkelt sak. Det skal til vanleg vere like mange av kvart kjønn. Meddommarane er med på å vurdere om den tiltalte er skuldig og kva slags straff vedkomande eventuelt skal få. I avgjerda tel meddommarane sine stemmer like mykje som fagdommarane sine stemmer.
Tidlegare blei det brukt jury når lagmannsretten behandla spesielt alvorlege straffesaker. Juryordninga blei i 2018 erstatta av meddomsrett. Ein meddomsrett består av to juridiske dommarar og fem meddommarar.
Meddommarane kan også delta i sivile saker dersom partane krev det.
Jordskifterettane har eigne meddommarar. I skjønnssaker deltar skjønnsmedlemmer. I arbeidslivssaker deltar arbeidslivskunnige meddommarar.
Korleis blir eg meddommar?
Ønskjer du å bli meddommar, kan du ta kontakt med den kommunen du bur i. Kvart fjerde år vel kommunar og fylkeskommunar nye meddommarar og skjønnsmedlemmer som skal gjere teneste i domstolane. Neste val er i 2024.
Kven kan bli meddommar?
Kven som kan vere meddommar er regulert i domstollova kapittel 4.
Du må
- snakke og forstå norsk, og elles vere personleg eigna til oppgåva
- ha fylt 21 år og vere under 70 år ved starten på valperioden
- ikkje vere frådømd stemmeretten
- ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene
- stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen når valet blir gjennomført
- vere norsk eller nordisk statsborgar, eller ha stått registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra
- ikkje vere dømd for visse straffbare forhold
Kven kan ikkje vere meddommar?
Nokre yrkesgrupper kan ikkje vere meddommar, mellom anna stortingsrepresentantar, tilsette i Justisdepartementet, påtalemakta og politiet, eller praktiserande advokatar.
Nokre straffereaksjonar fører også til at du ikkje kan vere meddommar.
Politikarar
Stortingsrepresentantar, -vararepresentantar og statsrådar med fleire kan ikkje veljast som meddommarar. Elles kan politikarar veljast som meddommarar.
Det er gjort unntak for medlemmer av kommunerådet i kommunar med eit parlamentarisk styringssystem (byråd). Desse kan ikkje veljast som meddommarar.
Kva gjer ein meddommar?
Ein meddommar deltar i rettsmøta på lik line med fagdommar og er med på å vurdere om den tiltalte i ei straffesak er skuldig og kva slags straff vedkomande eventuelt skal få. Meddommarane sit saman med den juridiske fagdommaren, og lyttar til det partane fortel i retten. Ein meddommar kan også stille spørsmål.
Meddommarar deltar i straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane. Dei er også med på å avgjere tvistar i sivile saker, dersom partane krev det. Ei sak kan vare frå ein halv dag til over fleire veker.
Ein jordskiftemeddommar deltar i saker i jordskifteretten. I skjønnssaker deltar skjønnsmedlemmer. I arbeidslivssaker deltar arbeidslivskunnige meddommarar.
Les meir om sjølve oppgåva og ansvaret som meddommar, om bevisvurdering og det å ta eit val under Kva skjer i retten.
Kan det vere tungt eller vanskeleg å vere meddommar?
Nokre rettssaker kan innehalde delar som kan vere krevjande å vere med på, for eksempel draps- og valdssaker, og saker som involverer barn. Det kan vere klokt om du prøver å førebu deg på kva slags inntrykk du kan vente deg i retten. Du kan ikkje diskutere det du har opplevd i retten med familie, vener eller andre utanforståande. Dette kan du oppleve som vanskeleg. Det er ulikt frå person til person kva ein opplever som belastande. Dersom du har behov for å snakke med nokon, så ta kontakt med fagdommaren.
Det same gjeld dersom du
- blir kontakta av tilhøyrarar og/eller partar utanfor rettssalen
- opplever ytringar og utsegner på sosiale media
- opplever vald og truslar
Domstolen kan tilby samtaler med helsepersonell dersom du opplever at saka er ei psykisk belasting for deg.
Les meir om HMS på denne sida.
Kor ofte møter ein meddommar i retten?
Talet på saker og korleis du blir peika ut kan variere ut frå kva slags type meddommar du er. Som alminneleg meddommar deltar du vanlegvis i 1-3 saker per år. Uttrekket skjer digitalt og tilfeldig.