Aktørportalen
Er du meddommar i ein tingrett kan du bruke den digitale løysinga Aktørportalen. Her kan du mellom anna ta imot saksdokument, stadfeste at du møter og varsle om eventuell inhabilitet. Du kan også søkje om fritak for den enkelte saka i Aktørportalen.
Fritak
Fritak frå ei sak
Dersom du ikkje kan møte i retten, må du snarast mogleg søkje domstolen om fritak. Dette gjer du gjennom Aktørportalen for meddommarar eller på e-post. Søknaden må grunngjevast og dokumenterast, til dømes med stadfesting av fødselspermisjon eller eksamensdag. Sjå eksemplar på lovleg forfall nedanfor.
Dersom du må melde forfall rett før ei sak, må du så snart som mogleg ringe domstolen.
Her er nokre av grunnane som kan gi lovleg forfall:
- Sjukdom og andre helsemessige forhold: Legg ved legeerklæring som viser at du ikkje er i stand til å gjere teneste. Dersom du blir sjuk rett før ei sak, må du ringe til domstolen du skal møte i og varsle.
- Reiser: Legg ved dokumentasjon på når reisa er bestilt og skal gjennomførast.
- Studiar: Legg ved stadfesting frå studiestaden om at meddommaren er student der, eksamensdato og at meddommaren er meld opp til eksamen.
- Arbeidssituasjon: Legg ved erklæring frå arbeidsgivar, oppdragsgivar eller liknande som dokumenterer konsekvensar ved fråvær.
- Fødselspermisjon: Legg ved stadfesting frå arbeidsgivar eller NAV om perioden for fødselspermisjon.
- Militærteneste, medlem av fylkesting, teneste ved høgare rett: Legg ved dokumentasjon frå offentleg instans som stadfester dette.
Dersom du ikkje har fått fritak frå domstolen, må du møte i retten. Du kan få bot om du ikkje møter.
Generelt fritak og sletting frå meddommarutvalet
Søknad om fritak frå vervet som meddommar i tingretten, jordskifteretten eller lagmannsretten ut utvalsperioden må du sende til kommunen din. Søknad om generelt fritak frå vervet som skjønnsmedlem må du sende til fylkeskommunen.
Fritak ut utvalsperioden kan gis dersom helsetilstand eller andre særlege grunnar tilsei det, eller dersom du har vore medlem av eit meddommarutval i to periodar tidlegare.
Gi også beskjed til domstolen, slik at du ikkje blir kalla inn medan kommunen behandlar saka.
Søknad om fritak frå vervet som arbeidslivskunnig meddommar må du sende til Domstoladministrasjonen. Du behøver ikkje å gi beskjed til domstolane om søknaden, med mindre du nyleg har blitt bedt om å tenestegjere i ei sak.
Flytting
Flytter du frå rettskretsen, må du melde frå til kommunen og leggje ved stadfesting frå folkeregisteret. Du vil då bli sletta frå meddommarutvalet. Flytting mellom kommunar innan domssoknet inneber ikkje sletting frå utvalet. Meld frå til domstolen ved flytting innan domssoknet.
Skifter du jobb i løpet av meddommarperioden, må du vere klar over at visse stillingar medfører at du ikkje kan vere meddommar. Ta kontakt med kommunen for sletting.
Straffedømd
Dersom du har blitt dømd for eit straffbart forhold i løpet av meddommarperioden din, må du ta kontakt med domstolen for å avklare om du kan vere meddommar.
Økonomisk kompensasjon
Når du har vore i retten, har du krav på å få dekka utgiftene du har hatt. Du har også krav på økonomisk kompensasjon etter kva slags type meddommar du er.
Sosiale media
Det er viktig at du ikkje diskuterer saka i sosiale media. Det kan gjere deg som meddommar inhabil. Då må rettssaka starte på ny. Også generelle uttaler i sosiale media kan gjere deg inhabil.
I enkelte saker kan journalistar og andre ta kontakt med meddommarar for å få uttaler. Som meddommar bør du la vere å kommentere forhandlingane og dommen. Ein kan lett komme til å seie noko som kan bli misforstått eller misbrukt i ettertid. Ein måte å takle dette på er å seie at: "Det retten meiner går fram av dommen, og eg har ikkje noko å leggje til". Du kan også vise til fagdommaren i saka.
Det er uvanleg, men har skjedd at meddommarar er blitt framstilt med namn og bilete i sosiale media i samband med rettssaker. Ta kontakt med domstolen dersom du opplever noko slikt. Å vere meddommar er eit offentleg verv, og dei fleste dommane er offentlege. Det er derfor ikkje straffbart å fortelje kven som er dommar i saka, men det kan følast ubehageleg.
Klede
Ei rettssak har stor betyding for partane som er involvert. Korleis dommarane står fram og opptrer har betyding for tilliten folk har til domstolane og korleis partane oppfattar prosessen.
Ha på deg alminnelege pene klede, og vis eit nøytralt kroppsspråk i retten. Klede eller kroppsspråk skal ikkje ta merksemda vekk frå saka.
Klede og symbol som signaliserer ein bodskap kan stri mot omsynet til retten sin nøytralitet. Ta kontakt med domstolen om du er i tvil om kva du kan ha på deg.
Funksjonshemming
Dersom du er funksjonshemma, vil dei fleste domstolane kunne handtere dette. Ta kontakt med domstolen på førehand for å få best mogleg tilrettelegging.
Dei fleste domstolane er utstyrte med teleslynger. Har du svekka høyrsel, så ta kontakt med domstolen på førehand for å få best mogleg tilrettelegging.
Dersom du høyrer eller ser svært dårleg, må det avklarast med domstolen om du kan gjere teneste som meddommar.
Ved alvorleg psykisk sjukdom må det avklarast med domstolen om du kan gjere teneste som meddommar. Dersom du ikkje er i stand til å melde frå sjølv, bør pårørande gjere det for deg. Du må levere legeerklæring. Domstolen vurderer om du har lovleg fråvær.
Helse, miljø og tryggleik
Det er uvanleg å oppleve ubehagelege situasjonar knytt til rolla som meddommar. Likevel kan det oppstå slike situasjonar. Skulle det skje, må du ikkje vere redd for å ta kontakt med domstolen. Fagdommaren vil alltid vere kontaktpersonen din.
Ubehagelege situasjonar kan til dømes vere:
-
sterke inntrykk gjennom bevisførselen
-
at du blir kontakta av tilhøyrarar eller partar utanfor rettssalen
-
ytringar og utsegner på sosiale media
-
vald og truslar
-
evakueringssituasjonar (brann, truslar)
Domstolane har interne retningsliner for slike situasjonar. Det finst også ein intern vegleiar for å ta vare på meddommarar i særleg belastande saker.
Vald og truslar
Vald og truslar er eventuelle fysiske eller verbale angrep i samband med arbeidet i domstolane. Det omfattar openlyse eller antyda truslar mot tryggleiken til den enkelte, helse eller velferd (verbalt, i brev, e-post, SMS, sosiale media mm.). Domstolane har nulltoleranse mot vald og truslar. Det er domstolen som vil melde forholdet, ikkje du som meddommar, dersom du skulle oppleve truslar knytt til rettssaka. Meddommarar utfører ei viktig samfunnsplikt, og ein trussel vil vere eit angrep på domstolane sitt sjølvstende.
Tryggleik
Tryggleik handlar om ta vare på deg sjølv og andre i domstolen. Sjølv om det er uvanleg at noko skjer, er det bra om du gjer deg kjend med følgjande:
-
fysiske tryggleikstiltak i domstolen
-
rutinar for evakuering
-
reglement om tilgjengelegheit
-
informasjonstryggleik
Det er viktig å følgje den informasjonen dommaren gir for handtering av informasjon og dokument, til dømes om trygg bevaring av dokument og lagringseiningar. Du må ikkje omtale saksopplysingar til andre enn dommaren. Les meir om teieplikt her (lenke)
Yrkesskadeforsikring
Meddommarar er yrkesskadeforsikra i staten når dei utøver teneste som meddommar.
Signering av dom
Når ein dom er klar, må han signerast. Du vil få informasjon frå dommaren korleis du gjer det.