Alminnelege meddommarar
Alminnelege meddommarar er personar som møter som meddommarar i tingretten og lagmannsretten.
Det trongst ingen spesiell fagleg bakgrunn. Dette er fordi prinsippet om at ein skal «dømmast av likemennene sine» står sterkt i norsk rettstradisjon. Meddommarar møter som regel i straffesaker, men kan også møta i sivile saker dersom partane krev at det skal vera meddommarar i saka.
Alminnelege meddommarar blir valde av kommunestyret i kommunen dei bur i, og blir valt for fire år.
Arbeidslivskunnige meddommarar
Informasjon om rolla di som arbeidslivskunnig meddommar og kva som skjer i retten.
Arbeidsmiljølova har til formål å sikra trygge tilsetjingsforhold og likebehandling i arbeidslivet. Lova skal også sikra eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon, og bidra til eit inkluderande arbeidsliv. Du som arbeidslivskunnig meddommar skal bidra til dette.
Tvistar om arbeidsforhold
Det kan oppstå tvistar om arbeidsgivars og arbeidstakars rettar og pliktar etter lova. Dei må løysast av domstolane. Typisk vil det kunna oppstå tvist i samband med oppseiing, avskjed, mellombels tilsetjing, innleiga, suspensjon, verksemdsoverdraging, diskriminering, trakassering osb.
Arbeidsmiljølova kapittel 17 regulerer behandlinga av tvistar om arbeidsforhold. I slike saker blir retten sett som hovudregel med to arbeidslivskunnige meddommarar i tillegg til fagdommaren. Arbeidslivskunnige meddommarar skal sikra at retten er sett med dommarar med praktisk erfaring og særleg innsikt i arbeidsforhold. Dei skal vera kunnige om arbeidslivet og bidra til at partane har tillit til domstolane som tvisteløysingsorgan i slike saker.
Meddommarutval og utnemning
Domstoladministrasjonen (DA) er den administrative overbygningen for dei alminnelege domstolane. DA har ansvaret for å utnemna arbeidslivskunnige meddommarutval for kvart fylke. Utvala blir utnemnde etter forslag frå arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane. Utvala blir utnemnde for fire år av gongen.
Utnemning
For å bli utnemnt som arbeidslivskunnig meddommar må du fylla vilkåra etter domstollova for å vera meddommar. Dette inneber for det første at du må ha tilstrekkeleg norskkunnskapar, og elles vera personleg eigna for oppgåva. Du må vera fylt 21 år. Det gjeld ikkje nokon øvre aldersgrense for å bli utnemnde som arbeidslivskunnig meddommar. Vidare må du ikkje vera frådømd stemmeretten, du må ikkje vera under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene, og du må vera norsk eller nordisk statsborgar, eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i riket dei tre siste åra før valdagen. Enkelte yrkesgrupper kan ikkje veljast til meddommarar. Du kan også sjåast bort frå på grunn av vandel.
Saksførebuing
Under saksførebuinga for domstolen får partane tilsendt liste over det særskilde arbeidslivskunnige meddommarutvalet for fylket, med frist for å foreslå meddommarar. Partane kjem med forslag til kvar sin meddommar. Normalt vil arbeidsgivar foreslå arbeidslivskunnig meddommar som er utnemnd etter innstilling frå ein arbeidsgivarorganisasjon, medan arbeidstakar vil foreslå arbeidslivskunnig meddommar som er utnemnd etter innstilling frå ein arbeidstakarorganisasjon. Retten vil deretter utnemna dei arbeidslivskunnige meddommarane som skal gjera teneste i den aktuelle saka. Retten vil så vidt mogleg utnemna like mange meddommarar av kvart kjønn.
Det er pliktig å gjera teneste som meddommar, med mindre du har gyldig fråvær, er inhabil eller av annan grunn ikkje skulle vore trekt ut som meddommar. Retten vil sørgja for at det snarast mogleg blir sendt melding til den arbeidslivskunnige meddommaren, om at vedkommande er utnemnt til å gjera teneste i den aktuelle saka. Det vil samtidig bli gitt opplysning om kven som er partane, tida og staden i saka for rettsmøtet og forventa varigheit av tenesta. Det er viktig at du kontrollerer desse opplysningane nøye, under dette om det er forhold som gjer at du ikkje kan gjera teneste på grunn av for nær tilknyting til ein av partane. Saman med innkallinga vil du derfor også få rettleiing om habilitet, møteplikt osv. Dersom du meiner det kan liggja føre forhold som gjer at du ikkje kan gjera teneste, eller du er i tvil om dette, må du straks opplysa dette til den domstolen som har utnemnt deg.
Sjølvstende, upartiskheit og habilitet
Det er ein grunnlovfesta menneskerett at alle har rett til å få saka si avgjort av ein uavhengig og upartisk domstol, med habile dommarar. Det gjeld sjølvsagt også ved behandling av tvistar etter arbeidsmiljølova.
Du kan derfor ikkje gjera teneste som arbeidslivskunnig meddommar dersom du er inhabil.
Du kan vera inhabil dersom du
- er i slekt med eller har nær tilknyting til nokre av dei personane som er involverte i saka
- på nokon måte har interesse i eller er tilknytta saka
- har uttalt deg om saka til dømes i sosiale media
At du er organisert eller har tillitsverv i same foreining som ein av partane vil normalt ikkje innebera at du er inhabil, men det må gjennomførast ei konkret vurdering. Dersom du er usikker på om du kan vera inhabil i saka, må du straks kontakta retten om dette. Sjølv om tilknytinga til nokre av aktørane kan verka laus og lite personleg etter di vurdering, er det viktig at du tek opp også dette slik at habiliteten din kan bli vurdert. Blir inhabilitet konstatert etter at saka er i gang eller etter at dom er avsagd, må heile saka bli gjennomført på nytt med nye dommarar. Tenk derfor nøye over om det kan vera grunnar som gjer deg inhabil, og ta det opp med retten så tidleg som mogleg.
Fagdommaren og dei arbeidslivskunnige meddommarane er dommarar på lik linje i saka. Du pliktar å ta stilling til dei spørsmåla saka reiser på ein objektiv og nøytral måte. Du representerer dermed verken arbeidsgivar- eller arbeidstakarsida i saka, og heller ikkje den arbeidsgivar- eller arbeidstakarorganisasjonen som har foreslått deg til vervet.
Som arbeidslivskunnig meddommar får du høve til å stilla spørsmål til aktørane i saka. Du blir oppmoda til å bruka denne moglegheita for at saka skal bli tilstrekkeleg opplyst. Ved spørsmål til aktørane er det viktig å opptre korrekt, høfleg, nøytralt og sakleg, slik at partane kan ha tillit til at avgjerda treffest av dommarar som er uavhengige, upartiske og som ikkje har ei fastlåst haldning til dei spørsmåla som skal avgjerast. Gjennom normal fin kledning og eit nøytralt kroppsspråk i retten, viser du også som meddommar respekt for partane og innbyr til tillit til medlemmene av retten.
Rettsmekling og forlik
Domstolen tilbyr ofte rettsmekling til partane i saker etter arbeidsmiljølova. Målet er å få partane til å bli samde om ei løysing som begge kan akseptera. Under rettsmeklinga deltek det ikkje arbeidslivskunnige meddommarar.
Dersom partane blir samde under rettsmeklinga, vil dei gjerne inngå eit rettsforlik. Eit slikt rettsforlik får verknad som ein rettskraftig dom. Dersom partane ikkje skulle semjast under rettsmeklinga, kan partane på eit seinare tidspunkt semjast. Det kan skje anten i form av eit utanrettsleg forlik eller ved at partane ønskjer å inngå eit rettsforlik. Dersom partane inngår eit forlik, vil søksmålet bli trekt og saka for retten heva. Hovudforhandlinga i ei sak der du er utnemnt som arbeidslivskunnig meddommar, kan derfor bli avlyst. Dette kan også skje kort tid før hovudforhandlinga.
Retten har vidare ei sjølvstendig plikt på alle trinn av saka å vurdera moglegheita for å få tvisten løyst heilt eller delvis på minneleg vis. Forliksforhandlingar kan derfor også finna stad under hovudforhandlinga.
Første gong du gjer teneste som meddommar
Første gong du gjer teneste som arbeidslivskunnig meddommar, vil leiaren i retten be deg om å
- følgja nøye med i forhandlinga
- merke deg forklaringane som blir gitt og bevisa som blir lagt fram
- gi uttrykk for korleis du vurderer saka etter at bevisa er lagde fram
- ikkje leggja vekt på andre forhold enn bevisa som er førte i saka
Første gong du er i retten må du også gi ei forsikring. Den seier at du både i den aktuelle saka og i framtidige saker vil gi vel akt på alt som kjem fram gjennom forhandlingane i retten, og at du vil dømma slik du finn sannast å rettast å vera etter lova og sakas bevis. På oppmoding frå dommaren, skal du til dette svare: «Det forsikrar eg.»
Gjennomføringa av hovudforhandlinga og domsavseiing
Kven er til stades?
Som arbeidslivskunnig meddommar har du plikt og rett til å ta stilling til dei spørsmåla saka reiser, og delta ved avseiing av dom i saka. Grunnlaget for avgjerda som skal treffast, er det som kjem fram under hovudforhandlinga. Under hovudforhandlinga blir retten sett med ein fagdommar, som leier forhandlingane, og dei to arbeidslivskunnige meddommarane. I tillegg møter normalt arbeidstakar og partsrepresentant frå arbeidsgivar, saman med prosessfullmektigane deira. Bevisa i saka vil normalt vera partsforklaringar, vitneforklaringar og dokumentbevis. Det kan også vera behov for synfaring.
Hovudforhandling
Du vil få dokumenta i saka før hovudforhandlinga, slik at du kan møta førebudd. Du blir beden om å møta i retten minst 15 minutt før hovudforhandlinga skal starta, med mindre det er gjort annan avtale.
Hovudforhandlinga startar med at retten blir sett, og aktørane blir presenterte. Leiaren i retten klargjer innleiingsvis påstandane til partane, påstandsgrunnlag og kva bevis som vil bli ført. Deretter får prosessfullmektigane ordet til innleiingsforedrag. Saksøkjarars prosessfullmektig skal gi ei konsentrert framstilling av saka med gjennomgang av dokumentbevis og andre bevis som ikkje skal givast gjennom forklaringar eller synfaring. Saksøkjars prosessfullmektig blir gitt høve til å korrigera og supplera framstillinga. Etter innleiingsforedraga gir normalt partane og vitna forklaringar. Prosessfullmektigane får deretter ordet to gonger kvart til avsluttande innlegg.
Domskonferanse
Ved avslutninga av hovudforhandlinga, blir saka teken opp til doms. Dommarane gjennomfører normalt same dag ein domskonferanse, der medlemmane av retten overfor kvarandre gir uttrykk for korleis dei vurderer spørsmål saka har reist. Etter domskonferansen skriv leiaren i retten normalt eit utkast til dom. Den blir lagt fram for resten av dommarane i ei rådslåing, der det blir stemt over resultatet.
Under domskonferansen og rådslåinga er det viktig at dommarane kan ha ei open og fri meiningsutveksling. Det er dermed avgjerande at dommarane også har tillit til kvarandre, og at det som blir diskutert ikkje blir gje att til andre. Som arbeidslivskunnig meddommar har du dessutan teieplikt om det du får vita mellom anna om nokons personlege forhold og drifts- eller forretningsforhold som det vil vera av konkurransemessig betydning å halda hemmeleg. Teieplikta omfattar likevel ikkje det som har komme fram i eit ope rettsmøte eller ei rettsavgjerd.
Dersom dommarane er usamde om eit eller fleire spørsmål, slik at det ligg føre dissens, vil syna til alle dommarane komma til uttrykk i dommen. Domsslutninga blir utforma i tråd med synet til fleirtalet.
I saker med arbeidslivskunnige meddommarar skal avgjerda som hovudregel bli avsagt seinast fire veker etter avslutning av hovud- eller ankeforhandlinga. Det er derfor viktig at du allereie ved oppnemninga og innkallinga til hovudforhandlinga, gir beskjed til retten dersom du veit at du vil ha gyldig fråvær i etterkant av hovudforhandlinga, eller at du gir beskjed så snart som mogleg etter at du har blitt kjent med slike forhold.
Dom er avsagt, og bindande for retten, når han er underteikna. Dommen vil normalt vera offentleg, slik at alle kan gjera seg kjend med domsresultatet og grunngivinga. Dommen kan ankast av begge partar innan éin månad.
Anke
Det blir utnemnt nye arbeidslivskunnige meddommarar ved ankebehandling i lagmannsretten. Retten blir ikkje sett med arbeidslivskunnige meddommarar i Høgsterett.
Godtgjering og tapt arbeidsforteneste
Arbeidslivskunnige meddommarar har etter rettsgebyrforskriften krav på godtgjering per dag eller tapt arbeidsforteneste, som i tilfelle må dokumenterast. Arbeidslivskunnige meddommarar har også krav på dekning av reisekostnader og kostgodtgjering.
Oppdraget som arbeidslivskunnig meddommar er personleg og skal ikkje fakturerast gjennom eit firma.
Les meir om kva du har krav på og korleis du sender inn kravet.
Tenesteplikt og fritak
Å gjera teneste som innkalla meddommar er ei plikt. Du kan få fritak i ein del tilfelle, men dette må vera avtalt på førehand. Lova stiller strenge krav til både fritaksgrunn og dokumentasjon av denne.
Fagkunnige meddommarar
I enkelte saker er det behov for særskilt kunnskap på eit fagområde. I slike tilfelle opnar lovgivinga for å setje rett med fagkunnige meddommarar. Det er omsynet til ei forsvarleg behandling av saka som gir grunnlag for å nemne opp fagkunnige meddommarar. Som hovudregel blir det då nemnt opp to fagkunnige meddommarar. Desse gjer teneste i saka saman med fagdommaren.
I sivile saker kan det til dømes vere behov for bygningskunnige meddommarar i saker etter avhendingslova, eller økonomisk kunnige meddommarar i saker etter aksjelova. I saker som gjeld rettsleg overprøving av tvangsvedtak, skal retten setjast med ein fagkunnig meddommar, til vanleg ein psykolog eller psykiater, og ein meddommar frå det alminnelege utvalet. Dette gjeld til dømes saker etter barnevernslova eller lov om psykisk helsevern.
I straffesaker er det eit sentralt rettsprinsipp at ein skal dømmast av likemenn. Hovudregelen er derfor at meddommarane i straffesaker ikkje skal ha nokon særskilt fagkunnskap på det aktuelle området. Det kan likevel vere behov for fagkunnige meddommarar i enkelte typar saker. Dette gjeld til dømes i meir kompliserte saker om økonomisk kriminalitet.
Oppnemning
Fagkunnige meddommarar blir nemnde opp for den enkelte saka, som regel etter krav frå ein eller begge partane. Retten kan også vedta å nemne opp fagkunnige meddommarar. Retten bør uansett drøfte med partane om det er behov for fagkunnige meddommarar, og kva fagkunnskap det er behov for.
For å bli nemnt opp som fagkunnig meddommar må du, i tillegg til å ha særskilt kunnskap om det saka gjeld, fylle vilkåra etter domstolslova for å vere meddommar. Les meir om kven som kan vere meddommar på desse sidene. Enkelte yrkesgrupper kan ikkje veljast til meddommarar. Du kan også vere uaktuell som meddommar på grunn av vandel.
Retten vil i samband med oppnemninga gi opplysingar om kven som er partar i saka, tid og stad for rettsmøtet og kor lenge retten ventar at tenesta vil vare. Det er viktig at du kontrollerer disse opplysingane nøye, mellom anna om det er forhold som gjer at du ikkje kan gjere teneste på grunn av for nær tilknyting til nokon av partane. Saman med innkallinga vil du derfor også få tilsendt vegleiing om habilitet, møteplikt og anna. Dersom du meiner det kan vere forhold som medfører at du ikkje kan gjere teneste som fagkunnig meddommar, eller du er i tvil om dette, må du straks kontakte domstolen som har oppnemnt deg.
Uavhengig, upartisk og habil
Retten til ein rettferdig rettargang er ein grunnleggjande rettstryggleiksgaranti. Det er ein grunnlovfesta rett at alle skal få avgjort saka si av ein uavhengig og upartisk domstol med habile dommarar.
Du kan derfor ikkje gjere teneste som fagkunnig meddommar dersom du er inhabil. Du kan vere inhabil dersom du er i slekt med eller har nær tilknyting til nokon av dei personane som er involverte i saka, om du på nokon måte har interesse i eller er knytt til saka, eller dersom du har uttalt deg om saka, til dømes i sosiale media. Dersom du er usikker på om du kan vere inhabil i saka, må du straks kontakte retten om dette. Les meir om habilitet her.
Fagdommaren og dei fagkunnige meddommarane er alle dommarar i saka. Du som fagkunnig meddommar pliktar å ta stilling til dei spørsmåla saka reiser på ein objektiv og nøytral måte.
Som fagkunnig meddommar får du høve til å stille spørsmål til aktørane i saka. For at saka skal bli tilstrekkeleg opplyst, blir du oppmoda om å bruke denne moglegheita. Ved spørsmål til aktørane er det viktig å opptre korrekt, høfleg, nøytralt og sakleg, slik at partane kan ha tillit til at avgjerda blir fatta av dommarar som er uavhengige og upartiske, og som ikkje har tatt stilling til saka på førehand. Med vanlege pene klede og eit nøytralt kroppsspråk i retten, viser du også respekt for partane. Dette bidrar til at partane får tillit til medlemmane i retten.
Rettsmekling og forlik
Domstolen tilbyr ofte rettsmekling til partane i sivile saker. Målet er å bidra til at partane blir samde om ei løysing som begge kan akseptere. Under rettsmeklinga deltar ikkje fagkunnige meddommarar.
Dersom partane blir samde under rettsmeklinga, vil dei gjerne inngå eit rettsforlik. Eit slikt rettsforlik får verknad som ein rettskraftig dom. Dersom partane inngår eit forlik, vil søksmålet blir trekt, og saka blir heva. Hovudforhandlinga i ei sak der du er oppnemnt som fagkunnig meddommar, kan derfor bli avlyst. Dette kan skje kort tid før hovudforhandlinga.
Retten har ei sjølvstendig plikt til å vurdere om det kan vere mogleg å løyse tvisten minneleg heilt eller delvis på alle trinn i saka. Det kan derfor også bli forliksforhandlingar undervegs i hovudforhandlinga.
Første gong du gjer teneste som meddommar
Den første gongen du gjer teneste som fagkunnig meddommar, vil rettsleiaren be deg om å
- følgje nøye med i forhandlinga
- følgje godt med på forklaringane som blir gitt og bevisa som blir lagt fram
- gi uttrykk for korleis du vurderer saka etter at bevisa er lagt fram
- ikkje leggje vekt på andre forhold enn bevisa som er ført i saka
Den første gongen du er i retten, må du gi forsikring (lovnad). Den inneber at du både i den aktuelle saka og i framtidige saker vil gi vel akt på alt som kjem fram gjennom forhandlingane i retten, (dvs. ikkje leggje vekt på andre forhold enn dei som det blir opplyst om i den aktuelle saka) og at du vil dømme slik du finn sannast og rettast etter lova og bevisa i saka. På oppfordring frå dommaren skal du svare: «Det forsikrar eg.»
Gjennomføringa av hovudforhandlinga og domsseiing
Kven er til stades?
Som fagkunnig meddommar skal du ta stilling til dei spørsmåla saka reiser, og vere med å ta avgjerd i saka. Grunnlaget for avgjerda er det som kjem fram under hovudforhandlinga. Under hovudforhandlinga blir retten sett med ein fagdommar som leier forhandlingane, og eventuelt ein eller fleire fagkunnige meddommarar. I tillegg møter partane saman med prosessfullmektigane sine. Bevisa i saka vil til vanleg vere partsforklaringar, vitneforklaringar og dokumentbevis. Det kan også vere behov for synfaring.
Hovudforhandling
Du vil få tilsendt dokument i saka før hovudforhandlinga slik at du kan møte godt førebudd. Du skal møte i retten minst 15 minutt før hovudforhandlinga startar om det ikkje er avtalt noko anna.
Hovudforhandlinga startar med at retten blir sett, og aktørane blir presentert. Rettsleiaren går først gjennom partane sine påstandar, påstandsgrunnlag og kva for bevis som vil bli ført. Deretter får prosessfullmektigane ordet til innleiingsforedrag. Prosessfullmektigen til saksøkjaren skal gi ei konsentrert framstilling av saka. Han går gjennom dokumentbevis og andre bevis som ikkje skal gis gjennom forklaringar eller ved synfaring. Prosessfullmektigen til den saksøkte får høve til å korrigere og supplere framstillinga. Deretter får til vanleg partane og vitna forklare seg. Prosessfullmektigane får deretter ordet to gonger kvar til avsluttande innlegg.
Domskonferanse
Når hovudforhandlinga er avslutta, blir saka tatt opp til doms. Dommarane gjennomfører til vanleg domskonferansen den same dagen som hovudforhandlinga blir slutta. Då legg rettsmedlemmene fram sine vurderingar av spørsmåla som saka har reist. Etter domskonferansen skriv rettsleiaren til vanleg eit utkast til dom. Den blir presentert for dei andre dommarane i ei rådslaging. Der stemmer dommarane over resultatet.
Under domskonferansen og rådslaginga er det viktig at dommarane kan ha ei open og fri meiningsutveksling. Det er dermed avgjerande at dommarane også har tillit til kvarandre, og at det som blir diskutert ikkje blir fortalt til andre. Som fagkunnig meddommar har du dessutan teieplikt om det du får vite, mellom anna om personlege forhold og drifts- eller forretningsforhold, som det vil vere av konkurransemessig betyding å halde hemmeleg. Teieplikta omfattar likevel ikkje det som har komme fram i eit ope rettsmøte eller i ei rettsavgjerd.
Dersom dommarane er usamde om eit eller fleire spørsmål slik at det ligg føre dissens, vil synet til alle dommarane komme til uttrykk i dommen. Domsslutninga blir utforma i tråd med synet til fleirtalet.
Avgjerda skal som hovudregel seiast seinast fire veker etter avslutting av hovud- eller ankeforhandlinga. Det er derfor viktig at du allereie ved oppnemninga og innkallinga til hovudforhandlinga gir beskjed til retten dersom du veit at du vil ha gyldig fråvær i etterkant av hovudforhandlinga, eller at du gir beskjed så snart som mogleg etter at du er blitt kjent med slike forhold.
Dom er sagt, og bindande for retten når den er underteikna. Dommen vil til vanleg vere offentleg slik at alle kan gjere seg kjent med resultatet og grunngivinga. Dommen kan ankast av begge partane innan éin månad.
Anke
Det blir nemnt opp nye fagkunnige meddommarar ved ankebehandling i lagmannsretten. Retten blir ikkje sett med fagkunnige meddommarar i Høgsterett.
Godtgjersle og tapt arbeidsforteneste
Fagkunnige meddommarar har etter rettsgebyrforskrifta krav på godtgjersle per dag, eller tapt arbeidsforteneste. Ev. tapt arbeidsforteneste må dokumenterast. Fagkunnige meddommarar har også krav på dekning av reisekostnader og kostgodtgjersle. Oppdraget som fagkunnig meddommar er personleg og skal ikkje fakturerast gjennom eit firma.
Les meir om kva du har krav på og korleis du sender inn kravet.
Tenesteplikt og fritak
Å gjera teneste som innkalla meddommar er ei plikt. Du kan få fritak i ein del tilfelle, men dette må vera avtalt på førehand. Lova stiller strenge krav til både fritaksgrunn og dokumentasjon av denne.
Jordskiftemeddommar
Jordskiftemeddommarar møte i sivile saker i jordskifteretten.
Om jordskifteretten
Jordskifteretten er ein særdomstol som behandlar saker som gjeld fast eigedom. Ein skil sakene i tre hovudkategoriar; rettsfastsetjande saker, rettsendrande saker og skjønn.
I dei rettsfastsetjande sakene skal jordskifteretten fastleggje uklare eigedoms- og bruksrettsforhold slik dei er. Sakene kan til dømes gjelde kvar ei eigedomsgrense går, om nokon har ein vegrett og korleis andelar i eit sameige er fordelt.
I dei rettsendrande sakene kan jordskifteretten endre eigedoms- og bruksrettsforhold, til dømes ved å forme eigedomane på nytt og lage nye grenser, endre bruksrettar eller lage reglar for felles bruk. Eit vilkår for å gjennomføre denne sakstypen er at ingen eigedom skal li tap på grunn av løysinga jordskifteretten kjem fram til. Ei av oppgåvene du kan vere med på som jordskiftemeddommar er derfor å verdsetje eigedomane for å sikre at dette vilkåret er oppfylt.
I skjønn kan jordskifteretten bestemme kva nokon må betale for å få ein rett, til dømes dersom nokon ønskjer å kjøpe seg rett til å bruke ein veg. Skjønn blir ofte halde i samband med rettsendrande sak.
Jordskifteretten blir som hovudregel sett med jordskiftedommaren som einedommar. Dersom nokon av partane krev det, blir retten sett med to eller fire jordskiftemeddommarar.
Sidan sakene gjeld fast eigedom, blir rettsmøta som regel haldne i nærleiken av eigedomane. Retten kan bli sett i ein kommunestyresal, eit grendehus eller eit anna tilgjengeleg lokale.
Saksgangen
Når du blir oppnemnt som jordskiftemeddommar i ei sak, vil du få tilsendt brev med informasjon og namn på dei andre personane som er oppnemnt saman med deg. Du får også tilsendt ein kopi av kravet. Dette skildrar kva saka gjeld. Dersom du ser at du er i slekt med eller kjenner nokon av partane i saka, bør du varsle jordskifteretten om dette.
Om du må vere med på eit eller fleire rettsmøte er i stor grad avhengig av kva slags type sak du er meddommar i. Dei rettsfastsetjande sakene kan ofte avsluttast etter eitt rettsmøte med påfølgjande dom. Dei rettsendrande sakene kan derimot vere kompliserte og gå over lengre tid. I desse sakene er det som regel nødvendig med fleire møte og fleire avgjerder.
Før rettsmøtet får du skriftleg innkalling med informasjon om kvar og når du skal møte, og om det blir synfaring. Du vil også få tilsendt dokumenta i saka. Du bør gjere deg kjent med desse før møtet slik at det blir lettare å følgje med på det partane trekkjer fram under rettsmøtet.
Under rettsmøtet
Som jordskiftemeddommar skal du vere upartisk og nøytral. Det er også viktig at du står fram slik ovanfor partane. Du må vere bevisst på kva du seier og korleis du oppfører deg. Dette er viktig for at partane skal ha tillit til deg som meddommar og til dei avgjerdene du er med på å ta.
Den første gongen du er jordskiftemeddommar i ei sak må du gi forsikring (lovnad) som gjeld dei pliktene du har som meddommar. Denne forsikringa gjeld også i framtidige rettsmøte og saker.
Under rettsmøtet skal du følgje nøye med på det partane seier og dei bevisa som blir trekte fram. Det er dette som er grunnlaget for den avgjerda du skal vere med å fatte seinare. Det er viktig at saka blir godt opplyst. Dersom du har spørsmål til partane, må du stille dei på ein høfleg, nøytral og sakleg måte. Spørsmåla skal ikkje vere leiande eller gi uttrykk for ditt syn på saka.
I pausane bør du halde deg saman med dei andre rettsmedlemmene, og du bør ikkje føre samtaler med ein part, advokat eller vitne. Sjølv om de berre snakkar om vêret, kan det oppfattast annleis av motparten, og det kan bidra til å svekke tilliten til at du er nøytral og upartisk.
Synfaring er ein del av rettsmøtet. Då reiser jordskifteretten og partane ut til dei eigedommane saka gjeld. Også under synfaringa bør rettsmedlemmene halde seg mest mogleg samla. Dersom du kjem bort frå dei andre dommarane, må du ikkje føre samtaler med partane om saka.
Praktiske tips
Du bør kle deg normalt pent under rettsmøtet, av respekt for partane og retten. I tilfelle synfaring må du også ha med deg gode sko eller støvlar, og klede som er eigna for vêr og vind. Sjølv om saka er i eit urbant område, må du vere førebudd på å måtte gå i terrenget.
Mange rettsmøte kan bli lange. Du må sjølv sørge for å ha med deg nok mat, gjerne matpakke og termos. Det er ikkje alltid kafé eller kantine i nærleiken av rettslokalet.
I nokre tilfelle kan rettsmøta gå ut over ordinær arbeidstid. Du må vere tilgjengeleg heilt til rettsmøtet er avslutta. Som regel vil du få beskjed på førehand om at det blir ein lang dag, men av og til tar møtet lengre tid enn planlagt.
Meddommarkonferanse
Når rettsmøtet er avslutta, skal det ofte skrivast ei avgjerd. Under meddommarkonferansen får du og dei andre rettsmedlemmene drøfte fritt kva de meiner om saka. Partane er ikkje med på dette møtet. Jordskiftedommaren skriv deretter som regel eit utkast til avgjerd. Dette får du til gjennomsyn.
Grunnlaget for avgjerda er den informasjonen som kom fram under rettsmøtet. Til vanleg er dette forklaringane til partane og eventuelle vitne, dokumenta som blei nemnde og det som blei vist fram under synfaringa. Du skal ikkje leggje vekt på annan informasjon du kan ha fått frå andre kjelder.
Dersom dommarane er usamde om eit eller fleire spørsmål, har ein dissens. Då skal avgjerda gi uttrykk for dei ulike dommarane sitt syn på saka. Resultatet i avgjerda, slutninga, blir utforma i tråd med fleirtalet sitt syn. Dommen er bindande frå den er signert av jordskiftedommaren og meddommarane.
Anna informasjon
Dersom du har spørsmål om praktiske ting eller rolla di som jordskiftemeddommar, kan du ta kontakt med den jordskifteretten som behandlar saka.
Skjønnsmedlem
Skjønn er ei eiga prosessform som blir nytta i ulike saker. Det kan til dømes haldast skjønn til fastsetting av aksjeverdiar, odelstakst og skiftetakst. Det kan og haldast skjønn i samband med ekspropriasjon av fast eigedom der retten skal fastsetje erstatninga til den som avstår eigedom. Skjønnssaker kan anten vere kravd i medhald av lova, eller partane kan avtale det (avtaleskjønn).
Når domstolen skal behandle eit skjønn, følgjer det av skjønnsprosesslova § 11 at retten skal setjast med skjønnsmedlemmer. Retten blir til vanleg sett med fire eller to skjønnsmedlemmer. Ein av dei faste dommarane i domstolen er rettsleiar. Fagdommaren som administrerer skjønnet, blir kalla skjønnsstyrar.
Skjønnsmedlemmene blir som hovudregel henta frå eit utval av skjønnsmedlemmer som er oppnemnt av fylkestinget.
Det er ikkje noko formelt krav til utdanning for å vere skjønnsmedlem, men domstolen plukkar gjerne ut personar som har ei spesiell utdanning eller arbeidserfaring som gjer dei godt eigna til å delta som skjønnsmedlem i den aktuelle saka. Det kan til dømes vere personar som har bakgrunn innan økonomi, tekniske fag eller landbruk. På den måten sikrar ein at domstolen har den nødvendige kunnskapen i behandlinga av saka. Dommaren og skjønnsmedlemmene er dommarar på lik linje.
Som skjønnsmedlem vil du få tilsendt dokumenta i saka før skjønnsforhandlingane (rettsmøtet i retten), slik at du kan vere førebudd når du møter. Du blir bedt om å møte i retten minst 15 minutt før hovudforhandlinga skal starte, om det ikkje er gjort anna avtale.
Som skjønnsmedlem har du plikt og rett til å ta stilling til dei spørsmåla som saka reiser, og å delta ved avgjerd av saka. Grunnlaget for avgjerda som skal fattast er det som kjem fram under skjønnsforhandlinga.
Som skjønnsmedlem kan du stille spørsmål til aktørane i saka. Du blir oppmoda til å gjere det for at saka skal bli tilstrekkeleg opplyst. Ved spørsmål til aktørane er det viktig å opptre korrekt, høfleg, nøytralt og sakleg. Partane skal kunne ha tillit til at avgjerda blir fatta av dommarar som er uavhengige og upartiske, og som ikkje har tatt stilling til dei spørsmåla som skal avgjerast på førehand. Ved å kle deg i vanlege pene klede og ha eit nøytralt kroppsspråk i retten, viser du også som meddommar respekt for partane og innbyr til tillit til medlemmene i retten.
Ved avslutting av skjønnsforhandlingane blir saka tatt opp til avgjerd. Dommarane gjennomfører ofte domskonferanse same den dagen. Rettsmedlemmene får då gi uttrykk for korleis dei vurderer dei spørsmåla som saka har reist. I ein del større skjønn blir det gjerne halde fleire konferansar mellom dommarane for å drøfte saka. Av og til ber skjønnsstyraren nokon av skjønnsmedlemmene om å lage eit notat eller ei oppstilling til bruk for avgjerda. Når drøftingane er gjennomførte, skriv rettsleiaren til vanleg eit utkast til skjønn. Utkastet blir lagt fram for dei andre skjønnsmeddommarane i ei rådslaging der dei stemmer over resultatet. Dersom skjønnstyraren og skjønnsmeddommarane er usamde om eit eller fleire spørsmål slik at det ligg føre dissens, vil alle dommarane sitt syn komme til uttrykk i skjønnet. Domsslutninga blir utforma i tråd med fleirtalet sitt syn.